Hopp til innhold

Leiteaksjon etter sakna mann i Florø

Det er sett i gang ein større leiteaksjon etter ein familiemann i Florø. Mannen vart meldt sakna sundag kveld.

Store leitemannskap leiter no etter ein familiemann i 40-åra i Florø. Mannen vart sist sett natt til søndag i sentrum og meldt sakna i halv-ni tida i går kveld.

Mannen vart sist sett natt til sundag i sentrum og meldt sakna i halv ni tida i går kveld.

– Mannskap frå politi, Røde Kors, Brannvesen, Sivilforsvaret og Norske redningshundar deltek i søket, seier operasjonsleiar Olaug Holme.

Det har i natt vore søkt kring Storevatnet i Florø, også dykkar er komne på plass og er i gang med søk i vatnet.

– Det er på bakgrunn av at det er gjort funn av ting som tilhøyrer den sakna, seier Holme.

Leiteaksjon
Foto: Alf Vidar Snæland

Har høyrt lydar

Leitemannskapa har funne gjenstandar som tilhøyrer den sakna, ein gensar som vart funnen i området er sjekka ut. Den tilhøyrte ikkje den sakna.

Kjell Magne Barsnes

HAR FUNNE GENSAR: Innsatsleiar Kjell Magne Barsnes.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Folk som bur ved Storevatnet har tatt kontakt med politiet og fortalt at dei har høyrt lydar.

– Vi har vitne som har beskrive lydar frå området. Det er snakk om plasking i vatn og greiner som knekk, seier innsatsleiar Kjell Magne Barsnes til NRK like før klokka 0900.

– Har de noko teori om kva som kan ha skjedd mannen?

– Det er for tidleg å gå ut med noko teori om det. Vi ber vitne om å melde seg, det er viktig for å kome i kontakt med folk som han opplysningar om mannen, seier Barsnes.

Sist sett i sentrum

Den sakna er sist sett i sentrum av Florø mellom klokka 01 og 1.30 natt til sundag. Denne observasjonen vart gjort av politiet.

– Han har vore på byen. Han gjekk heimanfrå klokka 22.30 laurdag kveld, men kom ikkje attende som forventa.

Laster Twitter-innhold

Så langt har politiet ikkje fått inn andre vitneobservasjonar, og politiet har ingen teoriar om kva som kan ha skjedd den sakna.

– Vi går breitt ut og leitar no i nærområdet langs vatnet, seier Holme.

Mannskap frå Sivilforsvaret

Wilhelm Larsen

LEITEAKSJON: Wilhelm Larsen frå Sivilforsvaret deltek i leiteaksjonen.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vår rolle har vore å hjelpe politiet i leitinga etter den sakna personen i natt, og det kjem vi til å halde fram med ut over dagen, seier Wilhelm Larsen i Sivilforsvaret.

I natt har 13 personar frå Sivilforsvaret delteke i leitinga.

– No kallar vi ut meir mannskap, ein 15–20 personar i løpet av dagen, og eventuelt fleire etter kvart seier, Larsen.

Totalt er no 10 personar frå Røde Kors, 12 frå Sivilforsvaret og fire frå politiet med i leitinga. I tillegg deltek ein hundepatraulje, og ytterlegare ein er på veg.