Hopp til innhold

To menn dømde: Kidnappingsoffer frykta at han skulle døy

Med makt og vald blei mannen i tjueåra dratt inn i ein bil og køyrd til eit aude verftsområde. Der blei mannen mishandla og truga på livet.

Ankerløkken i Førde, Øyrane

ÅSTADEN: Kidnappinga skjedde i Førde sentrum. Deretter blei mannen køyrd til kaia på det gamle skipsverftet Ankerløkken.

Foto: NRK

Dommen mot to menn frå Sunnfjord er no klar. Dei må begge sone to år i fengsel for kidnappinga som skjedde i slutten av oktober i fjor.

Hovudmannen i saka, ein 25 år gamal mann med langt rulleblad, blei også dømd for eit anna tilfelle av grov vald – og for å ha rana den andre gjerningsmannen.

Saka har vekt stor merksemd i bygdebyen Førde, der alvorleg kriminalitet høyrer til sjeldenheitene.

Då saka var oppe for retten forklarte i alt 23 vitne seg. Fleire av dei fortalde om eit lukka miljø prega av vald, truslar og rus.

Har slite etter hendinga

Sogn og Fjordane tingrett finn ingen nåde i det dei to mennene forklarte i retten. Retten meiner at dei begge er skuldige.

«Retten er etter bevisførsel ikke i tvil om at fornærmede befant seg på stedet mot sin vilje og at han som følge av volden var forhindret i å komme seg bort.»

Retten finn det bevist at mannen som blei kidnappa følte sterk dødsangst og at det ikkje er tvil om at han blei utsett for svært grove valdshandlingar:

«Retten legger videre vekt på at fornærmede har forklart at han opplevde hendelsen som svært skremmende. Han forklarte i retten at han var livredd og at han trodde at han kom til å dø. Fornærmede har i etterkant av hendelsen har hatt mareritt, slitt med dårlig søvn og har vært redd for å gå alene i Førde.»

Ankar straffutmålinga

Hovudmannen sin forsvarar, Frode Sulland, seier at klienten hans er skuffa over at han blei dømd for eit tilfelle av vald og eitt tilfelle av ran – som ikkje har noko med kidnappingssaka å gjere.

– Vi vil også anke på bakgrunn av straffutmålinga for dei ulike tiltalepostane, seie Sulland til NRK.

Aktor i saka, politiadvokat Kristine Bu, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.