Aktor om kidnappingstiltalt: – Har bygd opp eit fryktregime rundt seg

Ein 25 år gamal mann skal ha styrt det unge rusmiljøet i Førde med hard hand, truslar og vald. For politiet har det vore vanskeleg å få folk til å vitne.

Gamle dokken på verftsområdet på Øyrane i Førde.

ÅSTADEN: Kaikanten i Førde der mannen skal ha blitt utsett for svært grov vald med spark og slag.

Foto: NRK

Fredag blei rettssaka mot sunnfjordingen avslutta i Sogn og Fjordane tingrett. Ei sak der vitne og tiltalte har skildra eit miljø dei færraste i bygdebyen kjenner til.

Opptakta skjedde 26. oktober 2019. Ein ung mann frå ein av Førde sine nabokommunar blei oppmoda om å kome ned til Førde sentrum.

På parkeringsplassen mellom Best-stasjonen og Dolly Dimples, blei mannen dytta inn i ein ventande bil.

Sjåføren blei kommandert til å køyre frå sentrum og ut til Ankerløkken, det gamle verftsområdet i Førde.

På kaikanten skal mannen ha blitt utsett for svært grov vald med spark og slag. Han skal ha blitt avkrevd 100.000 kroner og blei trua med at han «kunne forsvinne».

Advokat Tor Andre Amble og politiadvokat Kristine Bu i Sogn og Fjordane tingrett i Førde

STERKE SKILDRINGAR: Politiadvokat Kristine Bu meiner at hovudtiltalte har hatt ei leiarrolle i det unge rusmiljøet i Sunnfjord.

Foto: NRK

– Grep om miljøet

Etter bortføringa tok han kontakt med helsevesenet, men torde ikkje fortelje om valden, verken på legevakta eller då han blei lagt inn på sjukehuset.

Heller ikkje familien hans fekk vite om det som hadde skjedd før fleire dagar seinare.

Aktor i saka, politiadvokat Kristine Bu, brukte sin prosedyre til å skildre korleis den hovudtiltalte i saka har styrt det unge rusmiljøet.

– Han har bygd opp eit fryktregime rundt seg og har hatt eit grep om miljøet, sa Bu i retten fredag.

Ho skildra kor vanskeleg det har vore for politiet å få folk med kjennskap til dei tiltalte og miljøet til å vitne.

– Ikkje ein gang kollegaene til den hovudtiltalte torde å forklare seg. Dei også var redde for konsekvensane av å snakke med politiet, sa Bu.

Eit av vitna hadde lagra mannen som «XXXXXX Torpedo» på telefonen sin.

Advokat Frode Sulland og advokat Aurora Lindeland Geelmuyden i Sogn og Fjordane tingrett mai 2020.

FORSVARAR: Frode Sulland (t.v.) og Aurora Lindeland Geelmuyden har vore forsvarar for han politiet er sikre på at er hovudmannen i saka.

Foto: NRK

Redde for hemn

NRK har også vore i kontakt med folk med kjennskap til mannen og miljøet, og dei fortel den same historia: Gjennom dei siste åra har han brukt frykt for å skape ein maktposisjon.

I retten har det kome fram fleire historier og saker om vald og pengeinndriving. Hovudtiltalte nektar i stor grad for det meste.

Men vitne etter vitne har malt eit bilete av eit miljø som er langt frå daglegdags. Innan miljøet var det greitt å snakke ope. Men ikkje til politi, helsevesen eller andre.

– Fleire i miljøet har openbert vore redde for at det kan slå tilbake på dei, slo aktor fast.

Krev lang fengselsstraff

Den andre tiltalte i saka, ein mann i tjueåra frå Sunnfjord, har i stor grad lagt alle korta på bordet i rettssalen.

Han skal sjølv ha blitt banka av den hovudtiltalte og blitt pressa for pengar.

Politiadvokat Kristine Bu krev to år og seks månader fengsel for den hovudtiltalte i saka og peika i retten på fleire skjerpande forhold.

Saka blir avslutta fredag ettermiddag med prosedyrane til forsvararane i saka. Det er venta at dom vil falle innan to veker.