Dei sju er dømde for produksjon og omsetning av anabole steroid og andre dopingmiddel for over 30 millionar kroner.
To menn frå Sogn og Fjordane blei i dag dømde til åtte og eit halvt år og fem og eit halvt år fengsel i fengsel. Dei to blir rekna som hovudmenn i det største dopingnettverket i Noreg nokon gong.
Fem andre menn er også dømde i saka. Bergen tingrett har til saman gjeve ei fengselsstraff på 25 år for dei sju mennene. Dei har også inndrege fleire millionar kroner som retten meiner stammar frå den kriminelle verksemda.
Store mengder dopingmiddel
Aktor i saka, statsadvokat Trond Høvik er nøgd med at alle sju er domfelt og alle blei funne skuldige i å ha delteke i aktvitetane til ei organisert kriminell gruppe.
– Retten har karakterisert dopinglovbrota som profesjonelle og retten har også sagt at dopingverksemda tilsvarar eitt års bruk for 3500 personar. Det dreier seg om betydelege mengder, seier Høvik til NRK.
Høvik meiner at saka viser at det er ein stor marknad i Noreg for sal av ulovlege dopingmiddel. Det er tydeleg at det for mange er låg terskel for å skaffe seg dopingmidlar via internett, seier Høvik.
Slike mengder har aldri før vore sett i Noreg og politiet meiner det meste av omsetning av doping i Noreg skjedde i dette nettverket frå 2011 til 2016.
Dei blei avslørt tilfeldig då Arbeidstilsynet og politiet skulle inspisere eit hus i Bergen. På loftet i huset fann dei store mengder ampullar og emballasje til produksjon av dopingmiddel.
– Vitande og vilje
I den svært omfattande dommen skriv tingretten mellom anna at det er ført sikre bevis for at dopingverksemda er utført som ledd i aktivitetane til ei organisert kriminell gruppe.
– Kvar av dei tiltalte har handla med vitande og vilje om at dei handla som ledd i ei slik gruppe, skriv tingretten.
Den eine av mennene i 30-åra frå Sunnfjord har fått den strengaste straffa av dei sju. I tillegg til fengsel bestemte retten å inndra tre millionar kroner.
– Eg registrerer at tingretten har kome med ein veldig streng dom, både når det gjeld utmålinga av fengselsstraff i åtte og eit halvt år og omfattande inndraging, seier forsvarar Sol Elden til NRK.
Ho meiner også at hennar klient skulle fått større tilståingsrabatt, sidan han la alle korta på bordet under rettssaka.
– Vi meiner at han han skulle fått ein større tilståingsrabatt, seier Elden.
Men tingretten er tydeleg i si vurdering av mannen si skuld.
– Han blir dømd som hovudmann i noregshistoria si største dopingsak, men ei heilt avgjerande påverknadskraft av eit hierarki av butikkar på fleire nettfora med formål om å selge anabole steroidar til brukarar, særleg i Noreg, står det skrive i dommen.
- Les også:
Selde via internett
Under den sju månader lange rettssaka i Bergen tingrett brukte påtalemakta mykje tid på å legge fram tekniske spor som skulle bevise at dei sju og ei rekke andre menn hadde drive fleire store nettbutikkar i «dark web».
Frå desse butikkane selde dei og distribuerte enorme mengder dopingmiddel til kjøparar over heile landet. I stor grad steroid som blir brukt i kroppsbyggjarmiljø og av andre som vil bygge store musklar fort.
Dei to hovudmennene i 30-åra frå Sunnfjord skal ifølgje påtalemakta ha planlagt og sett i verk dopingnettverket då dei sona saman i ein overgangsbustad i Bergen.
- Les også:
I den første fasen av rettssaka la den eine av dei alle korta på bordet og fortalde i detalj om produksjon og handel av doping.
Rømde til Thailand
Dessutan fortalde han historia om korleis han rømde landet då det byrja å brenne under føtene hans.
I dommen har retten tatt omsyn til det var ei knallhard oppleving for mannen å sitje i russisk varetekt.
– Retten har ei viss forståing for tiltalte har hatt heilt usedvanleg vanskelege forhold til russisk varetekt, både i fengsel og i det som må sjåast som ein internerringsleir, skriv tingretten.