Den 10. august i 2000 skal mannen i slutten av 30 åra reist bort til naboen rundt midnatt og tatt seg inn i kjellaretasjen på låven. Rusa på amfetamin sette han fyr på ein vel meter høg stabel med mjølsekkar med lighteren sin. Etter ein liten tur heim, gjekk han tilbake og konstaterte at låven var overtent.
Melde seg
Politiet klarte ikkje å oppspore kven som hadde tent på låven i Nordfjord den gong og hadde lagt vekk saka, då mannen to år seinare sjølv oppsøkte politiet for å legge korta på bordet.
Nekta
Trass i at han har tatt dette opp att i politiavhøyr og hjå fleire psykologar, nekta han i heile tatt for å ha vore på låven då saka kom opp for Nordfjord tingrett. Men retten har ikkje festa lit til det, og har no dømd han for å ha sett fyr på låven til naboen.
Tilregneleg
Mannen i 30-åra må betale i overkant av ein million kroner i erstatning til forsikringsselskapet. Psykologar har konkludert med at han var tilregneleg på gjerningstidspunktet, men på grunn av at han i dag slit med psykiske problem, slepp han sone dei fem månadane i fengsel. Vel og merke om han ikkje finn på nye lovbrot.