Hopp til innhold

Dømd for valdtekt

Ein mann i 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til tre år og åtte månadar fengsel etter ein valdtekt i desember 2021. Mannen vedgjekk handlinga, men nekta straffskuld. Valdtekta skal ha skjedd i forbinding med ein fest og kvinna skal ha vore ute av stand til å setje seg imot handlingane på grunn søvn og påverknad av alkohol. Mannen må i tillegg betale kvinna oppreisningserstatning på 220 000 kroner.