Hopp til innhold

Dømd for vald mot sin eigen bror

Ein mann i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i sju månader etter ei rekkje kriminelle handlingar, dei fleste av dei mot sin eigen bror.

Mannen skal ha slått og bite bror sin, og skrive fleire skremmande meldingar.

Han må betale broren over 150 000 kroner i samla erstatning, og får forbod mot å kontakte han dei to neste åra.