Hopp til innhold

Dømd for bedrageri mot dotter

Ei kvinne i 40-åra er dømd til samfunnsstraff etter at ho lånte pengar av dotter si for å betale trugande svindlarar.

Fjordane tingrett
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var ei spesiell sak som var opp i tingretten i september. Kvinna hadde blitt truga på livet av afrikanske svindlarar og lånte pengar av si eiga utviklingshemma dotter for å betale seg ut av knipa.

Bedrageriet mot dottera blei oppdaga då kvinna i fleire år hadde fått trugsmål frå såkalla «Nigeriasvindlarar». I møtet med politiet kom det fram at kvinna hadde lånt fleire hundre tusen kroner av si eiga dotter for å betale svindlarane.

Var hjelpeverje

I retten kom det fram at politiet på ingen måte tvilar på at ho blei truga av svindlarane, men at dei meiner det var straffbart å låne pengar av si eiga dotter. Særleg fordi mora på det tidspunktet sjølv var hjelpeverje for den utviklingshemma dottera, og dermed hadde tilgang til kontoane hennar.

Det heile starta då kvinna kom i kontakt med ein mann på internett. Ho har forklart at ho blei forelska i denne mannen. Då han trengde pengar til eit gebyr for å få ut 8,5 millionar euro, lånte ho pengar til mannen. Seinare blei det fleire overføringar.

Til saman overførte ho nesten 800.000 kroner til det som viste seg å vere svindel.

120 timar samfunnsstraff

Ho måtte tømme kredittkorta og låne frå familiemedlemer for å betala krava frå svindlarane. I den samanheng overførte ho over 300.000 kroner frå kontoen til dottera som ho var verje for. Om lag 200.000 kroner skal ha blitt betalt tilbake før rettssaka starta.

Kvinna sa seg ikkje skuldig, men Fjordane tingrett har funne det bevisst at kvinna gjorde eit grovt underslag mot dotter si. Retten meiner at ho utnytta den situasjonen at ho var oppnemnt som hjelpeverje, sjølv om dottera hadde sagt ja til lån av pengar.

Kvinna er no dømd til 120 timar samfunnsstraff og ho må betale tilbake om lag 83.000 kroner. I tillegg må kvinna betale 3000 kroner i sakskostnader.

– Har teke omsyn

Forsvarar Odd Bovim seier kvinna er ueinig i skuldsspørsmålet og meiner at vilkåra for underslag ikkje er oppfylt.

– Men vi er samstundes glade for at retten har teke omsyn til formildande omstende. Dei har konkludert med at det er grunnlag for samfunsstraff og ikkje fengsel, seier han til NRK.no.

– Blir dommen anka?

– Per i dag tenkjer ikkje kvinna det, men ho har teke betenkningstid, seier han.