Lånte pengar av utviklingshemma dotter for å betale trugande svindlarar

Kvinna i 40-åra blei truga på livet av afrikanske svindlarar, og lånte pengar av si eiga utviklingshemma dotter for å betale seg ut av knipa. Måndag måtte ho møte i retten.

Førde Refsnes Bovim

MØTE I RETTEN: Aktor Jørn Lasse Førde Refsnes (t.h) og forsvarar Odd Bovim i Fjordane tingrett måndag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var ei høgst uvanleg sak som blei handsama i Fjordane tingrett i Førde måndag, med innslag av både internettromanse, svindlarar i afrikanske land og kontooverføringar frå ei dotter som sjølv ikkje hadde oversikt over eigen økonomi.

Etter fleire år med vedvarande trugsmål frå såkalla «Nigeria-svindlarar», valde kvinna i 40-åra å gå til politiet i 2011. I møtet med politiet kom det fram at kvinna hadde lånt fleire hundre tusen kroner av si eiga dotter for å betale svindlarane.

Det byrja heilt vanleg, han fortalde at han var ein forretningsmann innanfor oljesektoren

Tiltala kvinne

Politiet trur på trugsmåla

I retten kom det fram at politiet på ingen måte tvilar på at ho blei truga av svindlarane, men at dei meiner det var straffbart å låne pengar av si eiga dotter. Særleg fordi mora på det tidspunktet sjølv var hjelpeverje for den utviklingshemma dottera, og dermed hadde tilgang til kontoane hennar.

Kvinna fortalde i retten at ho rundt 2008 kom i kontakt med ein «kjekk, amerikansk mann» via ein chattekanal på internett. Etter sporadisk kontakt ein periode, la mannen fram behov for pengehjelp til ulike prosjekt i Afrika.

– Det byrja heilt vanleg, han fortalde at han var ein forretningsmann innanfor oljesektoren. Brått kom han med dokumentasjon frå ein bank der også mitt namn var med. Ein kontrakt på at vi skulle få ut 8,5 millionar euro om vi betalte gebyr til banken. Eg var ikkje klar over dette, og brått var eg midt oppi dette sjølv, forklarte kvinna i retten.

Eg tørte ikkje å bevege meg ut av huset. For meg var dette heilt reelt. Dei påstod at eg blei heldt under oppsikt

Tiltala kvinne

Følte at ho blei overvaka

Ho fortalde vidare at ho ein periode trudde at ho var forelska i mannen, men at dette gjekk raskt over då kommunikasjonen mellom dei bar meir og meir preg av trugsmål.

Desse trugsmåla kom også etter kvart frå to menn som utgav seg for å vere representantar for den afrikanske banken ho trudde ho betalte pengar til.

– Eg torde ikkje å bevege meg ut av huset. For meg var dette heilt reelt. Dei påstod at eg blei halde under oppsikt. Eg trudde dei hadde folk som overvaka meg, sa kvinna i retten.

Både påtalemakta og forsvararen for kvinna er samde om at truslane frå dei afrikanske svindlarane har vore høgst reelle.

Hevdar dottera forstod

Usemja i retten står om det er straffbart eller ikkje å låne pengar frå nokon ein er hjelpeverje for.

– Vi snakka masse om at eg måtte få låne pengane, og eg forstod at ho ikkje hadde vanskar med å låne meg desse pengane, sa kvinna i si forklaring i tingretten.

Eg lånte også pengar frå far min, bror min og tømde kredittkorta mine for å betale svindlarane

Tiltala kvinne

Både dottera og hennar noverande hjelpeverje forklarte seg for retten. Begge la vekt på at dei set stor pris på at mora no har synt vilje til gjere opp for seg etter det høgst uortodokse lånet.

– Mora fortalde historia si på eit møte, og det var skremmande å høyre det ho har opplevd, fortalde dottera si noverande hjelpeverje.

Har betalt mykje tilbake

Forsvarar Odd Bovim la i retten fram dokumentasjon på at mora dei siste månadane har betalt attende kring 200.000 av dei vel 300.000 kronene ho i si tid lånte av dottera for å betale svindlarane.

– Men eg lånte også pengar frå far min, bror min og tømte kredittkorta mine for å betale svindlarane, sa kvinna i retten, og la stor vekt på at truslane ho opplevde sette ho ut av spel til å takle både kvardag og økonomi.

Ei rekkje vitne vart ført for retten i dag, mellom anna far til jenta som lånte pengar til mora og bestemor til den utviklingshemma jenta.

– Ho var tidvis redd for mora, og eg kjenner ikkje til desse trugsmåla ho skulle ha vore utsett for, sa jenta si bestemor i retten.

Dette vekte sterke reaksjonar hos den tiltala, og det utvikla seg til eit ordkløyveri mellom dei to som tingrettsdommar Ida Bøen måtte stanse.