Hopp til innhold

Har gjort funn av to omkomne personar etter brann

Ein mann i 40-åra er sikta etter ein dødsbrann på Askøy. Politiet mistenker at brannen er påsett.

Krimteknikere går over branntomt i Florvåg på Askøy.

BRANNTOMT: Krimteknikarar på plass ved branntomta.

Foto: Christine Fagerbakke / NRK

Det var fredag det tok til å brenne i eit hus i Florvåg på Askøy. Same dag blei ein mann i 40-åra pågripen og sikta i samband med brannen.

– Det er gjort funn av leivningane til to personar i huset, seier politiadvokat Christine Møen Wisløff.

To personar er meldt sakna etter brannen. Dette er ei kvinne i 40-åra og ein mann i 30-åra. Den sakna kvinna har bustadadresse i huset det tok til å brenne i.

Politiet trur det er dei to sakna som har omkome i brannen, men veit ikkje dette sikkert før dei har blitt identifiserte. Pårørande er varsla.

Pressekonferanse om brann på Askøy med Christine Møen Wisløff.

PRESSEKONFERANSE: Politiadvokat Christine Møen Wisløff informerte om status i etterforskinga på laurdag.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Fredag kveld blei den sikta mannen avhøyrd. Laurdag kveld opplyste politiet om at mannen blir framstilt for varetektsfengsling på søndag føremiddag.

– Mannen er sikta for å ha forårsaka ein brann som kunne ført til tap av menneskeliv, seier Wisløff.

Politiet veit førebels ikkje årsaka til brannen, men jobbar ut frå fleire hypotesar om kva som kan ha skjedd.

– Ein av desse er at brannen er påsett, seier Wisløff.

Politiet vil ikkje seie noko om relasjonen mellom den sikta og dei to sakna personane.

Den sikta mannen nektar for å gjort noko gale.

– Han erkjenner ikkje straffskuld og seier han ikkje har noko med dette å gjere, seier forsvarar Eirik Nåmdal.

Fleire avhøyr

Politiet vil laurdag halde fram med undersøkingar og hente inn digitale spor. Det er gjort fleire beslag i saka.

Det er gjennomført 20 avhøyr i saka. Det vert gjort fleire avhøyr på laurdag.

Krimteknikarar gjer undersøkingar på staden. Det har vore vakthald ved brannstaden gjennom natta.

Politiet ber om tips frå folk som kan ha vore i området fredag morgon mellom kl. 8 og kl.9. Dei har oppretta ein tipstelefon med telefonnummer: 47 69 60 60.

Boligbrann Askøy Florvåg

EVAKUERTE: 15 personar blei evakuerte frå området under brannen.

Foto: CATO HELDAL KRISTENSEN / NRK

Høyrde bråk

Det var rundt klokka ni fredag morgon at det kom melding om brann i ein bustad i Florvåg på Askøy. Ein time seinare var brannen sløkt.

Naboar høyrde bråk frå leilegheita før brannen starta.

Bygningen er delt inn i to seksjonar. Bebuarane i første etasje blei evakuerte, men andre etasje var overtent då brannvesenet kom fram til staden.

Klokka 15.39 fredag blei det bekrefta funn av ein omkomen person. Laurdag kom meldinga om at nok ein personen er funnen omkomen i bustaden.