Hopp til innhold

Forsvarte NM-gullet frå i fjor

Inger Anne Frøysedal har etablert seg som Norges desidert beste i tresteg. Fredag vann ho NM-gull med nesten ein meter ned til sølvmedaljen.

Inger Anne Frøysedal gull i NM

SUVERNT NM-GULL: Ingen var i nærleiken av å truge NM-gullet til Inger Anne Frøysedal. No har ho to gull på to år.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Eg er veldig nøgd, seier Inger Anne Frøysedal.

Ho har nett teke imot sitt andre NM-gull i tresteg på to år, og smiler frå øyre til øyre til alle gratulantane.

Vann med nesten ein meter

Med eit bestesprang på 13,41 meter var strynejenta heilt suveren i det sure vêret på Sandnes stadion. Sølvet gjekk til til Mia Haave med resultatet 12,46 meter.

- Eg gjorde ein grei serie, sjølv om eg ikkje akkurat er supermotivert sånn heilt mot slutten av sesongen, seier Tjalve-utøvaren.

- Det blir heller ikkje dei beste resultatet i kjølig vêr, konstaterer ho.

Satsar tøft på skule og idrett

Frøysedal toppa med gullet ein strålande sesong, der ho mellom anna kvalifiserte seg og deltok i EM i Barcelona.

No satsar ho knallhardt vidare på idretten ved sidan av det tøffe veterinærstudiet i Oslo.

- Eg får ikkje tid til så velig mykje anna enn trening og skule. Men det er verdt det, seier Frøysedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Strømmen Kjerpeset

BLANDA KJENSLER: Øyvind Strømmen Kjerpeset meinte bronse-løpet var rotete, men fekk ei god kjensle då han skjønte at tida likevel var sterk.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Strømmen Kjerpeset tok bronse

Den utflytte nordfjordingen gav Sogn og Fjordane ein pangstart på meisterskapen i Sandnes. Men det var også andre gode resultat.

Mellom anna tok Øyvind Strømmen Kjerpeset bronse på 400 meter hekk. Med tida 53,11 var han berre eit tidel bak sølvet - men nesten eit sekund bak vinnaren.

- Det var eit skikkeleg dårleg løp under veldig vanskelege forhold. Eg visste aldri om det var med- eller motvind ved hekkepasseringane, og difor vart det litt nølande og rotete, seier Florø-løparen.

Skal springe meir i NM

Han var likevel godt nøgd med innsatsen. For tida er god under dei rådande forholda. Tidlegare i år har han prestert 52,74 under perfekte forhold i Tyskland.

No satsar han på eit godt resultat også på 200 meter, før Florø søndag stiller med eit spennande lag på stafettane,

17-åring med sølv i senior-NM

På 3000 meter kappgang sytte Kristiane Rygg frå Gloppen for at klubben kom i gang med NM med ein sølvmedalje.

Rett nok var det berre to deltakarar i kvinneklassen - men sølv er sølv.

- Sølvet var vel som venta, ler 17-åringen.

Ho sleit med både dårleg rygg og smerter i magen, og var nøgd med å ha teke medalje i senior-NM. Laurdag skal ho springe 400 meter i Sandnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristiane Rygg

INN TIL SØLV: Kristiane Rygg er berre 17 år, men har allereie medalje i senior-NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Slik gjekk det med resten...

I kule for herrar vart det fjerde- og femteplass på Idar og Yngve Grøneng Havn frå Florø. Det var nøyaktig 50 centimeter som skilde brørne på resultatlista - Idar var lengst med 15,87 meter.

I sleggje enda Steinar Kleppe på fjerdeplass med eit lengstekast på 56,33 meter. Her vann Eivind Henriksen frå Tjalve med sterke 70,57 meter.

Gloppens Merete Helgheim enda på femte- og sisteplass på 10.000 meter, men sprang likevel inn til ny personleg rekord med 37.23,59.

Kim Nes Leirvik frå Florø vart ståande utan resultat i stavsprang med tre underkjente forsøk.

Friidretts-NM i Sandnes held fram med fleire medaljesjansar til Sogn og Fjordane laurdag og søndag.