Hopp til innhold

Difor sel dei no meir gamalost

At gamalosten har positiv effekt på helsa har også ført til andre positive effektar. Tine si avdeling i Vik merkar no at osten har blitt meir populær.

Gamalost frå Vik

POPULÆR: Vik i Sogn er den einaste plassen i verda som produserer den heilt spesielle osten. No har salet auka monaleg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Per Henning Liljedahl ved ostefabrikken i Vik kan nemleg fortelje at dei har selt monaleg meir av den tradisjonsrike osten den siste tida, skriv Sogn Avis.

Pakistanaren Tahir Mahmood Qureshi avla nyleg doktorgrad ved Universitetet for miljø og biovitskap (UMB) på Ås om gamalosten. Han hadde sett nærare på den helsefremjande verknaden entusiastane lenge har peika på, og kunne slå fast at gamalosten er ei velsigning for kropp og sjel.

Mellom anna inneheld osten med den spesielle smaken såkalla peptider som verkar blodtrykkssenkande. Dei store mengdene med vitamin K2 er i tillegg bra for beinbygning og hjarte.

Forskingsresultatet har tydeleg fått mange til å få auga opp for gamalosten. Liljedahl seier til Sogn Avis at dei så langt i år ligg an til ein salsauke på åtte prosent.

Han er svært glad for at pila no går rett veg, og er spent på om det varer.

– Vi er spente på om auken blir kort- eller langvarig. Forhåpentlegvis vil fleire og fleire nordmenn oppdage helseeffekten av gamalost som pålegg, seier Liljedahl til Sogn Avis.