Hopp til innhold

Pakistanar påviser gamalost-effekt

Så er det dokumentert vitskapeleg: Gamalosten har positiv effekt på helsa. Og det måtte ein pakistanar til for å føre prov for det mange har hevda.

Gamalost frå Vik

GOD FOR HELSA: Gamalost frå Vik.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er nettportalen ambisjoner.no som kan fortelje at ein mann med røter i Pakistan har forska på noko av det mest norske vi kan tenkje oss.

Tahir Mahmood Qureshi avla nyleg doktorgrad ved Universitetet for miljø og biovitskap (UMB) på Ås om gamalosten og den helsefremjande verknaden entusiastane lenge har peika på.

Og den einaste staden i verda denne heilt spesielle osten blir produsert er i Vik i Sogn.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vik meieri

LEVERER HELSEKOST: Gamalostmeieriet i Vik.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Hata og elska

Qureshi fortel at gamalosten er interessant av fleire grunnar.

– Osten er veldig tradisjonell og ikke minst ein ost som ikkje finst andre stader i verda. I tillegg synest eg det verka så spennende då eg høyrde om kor mykje folk hata og elska den.

Men dette er ikkje berre leik, dette er og seriøs forsking. Qureshi spesialiserer seg på den effekten matvarer har på helsa, og då spesielt ostar. Det handlar mellom anna om at osten inneheld såkalla peptider som er blodtrykkssenkande, og at effekten av desse aukar på veg gjennom fordøyingssystemet vårt, skriv ambisjoner.no.

I tillegg avslørte doktorgraden at gamalost inneheld store mengder vitamin K2, som er bra for beinbygning og hjarte, og som er påvist å vere krefthemmande.

(Artikkelen held fram under biletet).

Gamalost

SUNT OPPÅ SMØR: Eit tjukt lag med smør under gamalosten skal berre vere av det gode.

– Bruk gjerne tjukt med smør

Og er du mellom dei som likar å smøre gamalost på eit tjukt lag med smør, så rår Qureshi deg til å halde fram med det.

– Undersøkingar viser nemleg at vitamin K som blir innteke saman med feitt lettare blir oppteke i blodet og gir endå meir helsefremjande effekt.

Og Qureshi er ikkje i tvil om konklusjonen: Gamalosten er ei velsigning for kropp og sjel.