Hopp til innhold

Dette skiltet er feil – og det er tusen andre skilt også

Tusenvis av norske vegkilometer er skilta med feil nummer. Det kan gjere navigeringa til eit mareritt.

Vegskilt

FEIL: Skiltet peikar mot fylkesveg 49, ikkje fylkesveg 7.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Er du av typen som sver til vegskilt for å navigera?

I tilfelle kan ein rundtur i gamle Hordaland bli eit forvirrande mareritt.

Her er det totalt 850 skilt som visar feil nummer.

Bakgrunnen er at 3700 kilometer med veg fekk nye nummer då Sogn og Fjordane og Hordaland vart slått saman.

I skrivande stund er 1037 av desse kilometerane skilta med feil nummer.

Det svarar nesten til avstanden mellom Bergen og Narvik.

– Ikkje noko me prioriterer høgst

Det er førebels inga fullstendig oversikt over feilskilting nasjonalt, men det er grunn til å tru at problemet er størst i vest.

Til samanlikning er det 28 kilometer veg som er feilskilta i Vestfold og Telemark, mot 1037 i gamle Hordaland.

Det er fylkeskommunen som er vegeigar, og dermed tar kostnadane til oppsetting, drift og vedlikehald av skiltinga på fylkesvegar.

John Martin Jacobsen er seksjonsleiar i seksjon for forvaltning, utgreiing og geodata i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Halvparten av desse skilta er enkle nummerplater som berre skal bytast eller fjernast. Den andre halvparten krev andre endringar av skiltet samtidig. Alle avvika er kartlagde og vi arbeider kontinuerleg med å skifte ut dei fysiske skilta, seier han.

Endringane i Hordaland er meir omfattande enn i mange andre fylke, då tidlegare vedtekne endringar av vegruter vart sett ut i livet samtidig som regionreforma.

– For å vera ærleg er ikkje dette oppgåver me prioriterer høgst. Me prioriterer å hjelpa innbyggjarar og næringsliv i Vestland, og behandla dei sakene, seier Jacobsen.

Feil på skilt

SKILT: Det stemmer at det er 75 kilometer til Bergen, men då følgjer ein fylkesveg 49.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Turistvegar er skilta feil

Sigbjørn Framnes sit i hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune.

Han seier til NRK at feilskiltinga kan skapa trøbbel.

– Vi har vel alle køyrt på vegar der ein ikkje er så godt kjend. Mange fylkesvegar er turistvegar, og når turistar kjem der og det er skilta med feil nummer så kan du byrja å lura, seier Framnes.

Sigbjørn Framnes, Vestland Frp

YNSKJER FRAMGANG: Sigbjørn Framnes (Frp) meiner prosessen skulle gått fortare, men forstår prioriteringsproblematikken til fylkeskommunen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vegnummera er riktige digitalt, men ikkje på alle skilt langs vegen. Framnes seier at han forstår prioriteringa til seksjonsleiaren.

– Det er ikkje alltid like litt å prioritera vedlikehald. Det er kjekkare å få ny veg enn å skilta om gamle vegar. Det er det jo, seier Framnes.

Hei!

Eg jobbar som journalist i NRK Vestland. Har du tips til saker eg burde dekka? Ikkje nøl med å ta kontakt med meg!