Hopp til innhold

Han har trena fram dei sterkaste av dei sterke: - Det er veldig kjekt

Vektløftarane frå Tambarskjelvar gjorde nesten reint bord under NM for lag i helga. – Dette må seiast å vere ein sensasjon, meiner trenaren.

Tambarskjelvar på lag-NM i vektløfting

STERKE: Dette er gjengen som reiste til lag-NM frå Tambarskjelvar: framme frå venstre: Ole Martin larsen, Stein Inge Holstad, Sindre Rørstadbotn, Geir Grønnevik Jentene i midten: frå venstre. Sunniva Bruland, Marit Årdalbakke, Trude Raad Bak frå venstre: Jonas Angvik Helgheim, Steinar Kvame, Daniel Holstad, Jantsen øverås, Lagleiar Gunnar Reiakvam, Vebjørn Varlid, Tore Gjøringbø, Joakim Snildal.

Foto: Jørn Helgheim

Gunnar Reiakvam har trent kraftpluggane til Tambarskjelvar i ei årrekkje og kan ikkje huske at ein klubb har henta heim så mange lagsigrar under eit Noregsmeisterskap for lag.

Klubben frå Naustdal gjorde like så godt nesten reint bord under meisterskapen som vart arrangert i Tønsberg.

– Dette er veldig, veldig kjekt! Og det inspirerer oss til å drive vidare, seier den erfarne trenaren.

Beste lagprestasjon nokon sinne

Tambarskjelvar IL har lenge hatt utøvarar som har markert seg heilt i toppen. Når dei stilte med sine lag under lag-NM fredag og laurdag ville dei vise at dei var aller best. Og det klarte dei.

I både dameklassen, juniorklassen og ungdomsklassen vart det gull til Tambarskjelvar. I eliteklassen for menn gjekk det derimot ikkje heilt til topps, her fekk klubben sølv.

– Vi surra det litt til i eliteklassen for menn, så det var litt surt, seier Reiakvam.
Men Tambarskjelvar vart altså Noregsmeister i tre av klassane, noko trenaren sjølv meiner er historisk.

– Dette har nok aldri skjedd i Norge før at ein og same klubb har vunne så mange klassar, seier Reiakvam stolt.

– Det er jo nesten ein sensasjon!

Vil ikkje slå seg på brystet

Trenaren har opp gjennom åra fått mykje av æra frå utøvarane. Dei har skrytt av å ha ein trenar som alltid stiller opp på trening og som er primus motor for det som skjer i klubben. Han vil likevel ikkje slå seg på brystet for det klubben no har fått til på lag-NM.

– Viss ikkje dei hadde orka å trene hadde vi jo ikkje vunne noko, ler trenaren.

– Alle gjorde det veldig bra, så det er ingen som er noko betre enn nokon andre i dag!

I tillegg til dei sterke lagprestasjonane sette Jantsen Øverås ny norsk rekord i rykk i 69-kilos klassen. Han klarte å få opp 101 kilo og blir no ståande i rekordprotokollane.

Gunnar Reiakvam

STOLT TRENAR: Gunnar Reiakvam vil ikkje slå seg på brystet, men er svært glad for prestasjonane under helgas lag-NM. (Arkivfoto).

Foto: Mathias Oppedal / NRK