Hopp til innhold

Vann junior- og seniorfinalen

Tambarskjelvar IL stakk av med heile fire medaljar under NM i vektløfting for lag.

Ungdomslaget til Tambarskjelvar.

GOD HELG: Det var ei god helg for Tambarskjelvar IL. Her er ungdomsgruppa til vektløftargruppa.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Norgesmeisterskapenor lag i vektløfting vart reine medaljedrysset for klubben frå Naustdal.

Det vart konkurrert i kategoriane ungdom, junior, dame, elite og veteran. Tambarskjelvar stilte med lag i alle klassane med unntak av veteran.

LES MEIR OM RESULTATA HER

To gull

Tambarskjelvar IL vann mennenes lagfinale, 52 poeng framføre Vigrestad IK.

På Tambarskjelvars lag løftet Steinar Kvamme, Sindre Rørstadbotnen, Geir Grønnevik, Yngve Apneseth, Vebjørn Varlid og Gunnar Reiakvam.

52 poeng bak Vigrestad kom AK Bjørgvin på bronsjeplas.

Også i juniorklassen løfta Tambarskjelvar seg til edelt metall.

Med 819 poeng sikra dei ein solid siger framføre Gjøvik AK med 792 poeng, og Stavanger VK med 686 poeng.

og to bronse

Også i kvinne- og ungdomsklassen markerte Tambarskjelvar seg.

Dei tre ungdomane som kjem heim med bronsemedalje rundt halsen er Margrethe Jonstad, Sunniva Bruland og Jantsen Øverås.

På kvinnelaget som tok bronse var Trude Raad, i tillegg til Jonstad og Bruland.

Som om ikkje det var nok vart Jantsen Øverås kåra til stevnet sin beste ungdomsløftar.

- Beste klubben i landet

- Tambarskjelvar har vore den beste klubben i mange år no, og dei har forsynt seg grovt av medaljane i meisterskap.

Det er konklusjonen til generalsekretær i Norges Vektløfterforbund, Arne Pedersen.

Han er full av lovord om den vesle klubben. Og meiner medaljefangsten denne helga berre viser kor sterk klubben er.

- Dei har bådde breidde og topp. Der er mange gode veteranar, men dei beste no er juniorar som er på veg oppover.

Årets klubb

Under NM vart også årets klubb kåra. Tittelen går til den klubben som har klart å sanke mest poeng i dei ulike meisterskapane og dei to seriane.

Ikkje overraskande var det Tambarskjelvar som trona øverst på tabellen.

- Det var ein heilt suveren siger, seier Pedersen.

Tamarskjelvar hadde 521 poeng, medan nummer to, Vigrestad, hadde fattige 275.

- Imponerande, rett og slett.