Ein
viser at det ved inngangen til 2011 var 50 bompengeprosjekt med innkreving i Norge.
I dag er det 49 prosjekt under nedbetaling:
Det er ulike måtar å kreva inn pengane på. Medan dei aller fleste anlegga i dag har automatisk innkreving er det framleis nokon strekningar der bompengane vert henta inn manuelt. I Tromsø har ein vald ei lokal drivstoffavgift i staden for tradisjonelle bompengar.
I Hordaland og Rogaland er det ei rekke ferjesamband som har bompengar bakt inn i ferjebilletten.
Les òg:
15 nye planlagt
Stortinget har allereie gitt klarsignal til 15 nye bompengefinansierte vegprosjekt frå Finnmark i nord til Agder i sør. Innkrevinga på desse strekningane vil komma i gang i løpet av året og fram mot 2014.
Flest i vest - aust betalar mest
Sjølv om det per i dag er Vestlandet som har flest bompengeprosjekt under nedbetaling, er det austlendingane som betalar mest, i følgje statens vegvesen sine tal.
Les òg:
Slik bidreg innbyggarane i dei ulike landsdelane:
Dobling siste ti år
Dei siste ti åra har det vore ei kraftig auke i bomutgiftene her til lands. Etter årtusenskiftet er bompengeutgiftene meir enn dobla.