Hopp til innhold

Det første Noregskartet: Slik trudde dei landet såg ut i 1662

Då Universitetet i Bergen markerte 75-årsjubileet sitt, fekk kong Harald og bergensarane eitt døgn på seg til å sjå det minst 359 år gamle kartet på nært hald.

Fra UiBs spesialsamlinger

UNIKT: Verdas første kart som berre viste Noreg vart trykt i Amsterdam 152 år før landet fekk grunnlova i 1814.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Dette er det eldste kartet som berre viser Noreg og ingenting anna. Vi er svært stolte av det.

Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge viser det andektig fram inne på Spesialsamlingane til Universitetetsbiblioteket i Bergen.

– Det er handkolorert. Fargane og alt ser nesten ut som det er gjort i går. Det er vakkert, rett og slett.

Øverst på sida står det «Norvegia Regnum» og «Nor-ryke».

– Altså «det norske riket,» sjølv om vi underlagt Danmark ikkje var eit eige rike.

Bjørn-Arvid Bagge, Universitetsbibliotektet i Bergen

STOLT: Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge ved Universitetetsbiblioteket i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hyperkort jubileumsutstilling

Universitetet i Bergen er i år 75 år. Jubileet vart denne veka markert mellom anna med ei svært eksklusiv utstilling, både i tid og omfang. Tre av universitetets mest verdfulle papirskattar vart tatt ut frå dokumentmagasina.

Dei unike dokumenta vart vist offentleg i berre eitt 1 døgn.

Først for kong Harald på måndag. Så for folket, det vil seie bergensarane, på tysdag.

I tillegg til Noregskartet bestod den vesle utstillinga av:

Frå UiBs spesialsamlinger. Bilete av Bergen frå 1581.

BERGEN ANNO 1588: Det første biletet av Bergen, som også er det første av ein norsk by.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Frå UiBs spesialsamlinger

NABOKRANGEL ANNO 1293: Eit nær 900 år gamalt rettsdokument om ein grannestrid i Hardanger.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

359 år, men som nytt

Det unike Noregskartet er utgitt i Amsterdam i 1662, men er ifølge UiB nokså sikkert atskillig eldre. I den same boka er det også seks andre kartblad som dekker ulike delar av landet. Dei ulike bispedømma har fått kvar sin farge.

– Handverket er fantastisk. Det er jo som om fargane er påført heilt nyleg, framleis friske og kraftige.

Det seier Cecilie Marie Gottfred, konservator ved Universitetet i Bergen.

– Dette er grafiske trykk, rissa inn i koparplater. Fargane er laga av ulike mineral. Papiret er handlaga av gamle tekstiler, truleg bomullstrådar kombinert med andre material. Dei visste verkeleg kva dei gjorde. Dette er laga for å halde.

– I dag er vi vane med at bøker blir gule etter nokre få år, men her er det 350 år gamle papiret svært kvitt?

– Dette er det eldste og beste papiret som finst. Utruleg haldbart og framleis mjukt. Moderne papir inneheld syre som gulnar raskt og blir sprøtt, seier ho.

Cecilie Marie Gottfred, konservator UiB, og Bjørn-Arvid Bagge, seksjonsleiar UiB

SJELDAN SKATT: Konservator Cecilie Marie Gottfred finn fram verdshistorias første Noregskart, som svært sjeldan blir sjeldan vist offentleg.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Noreg «isolert frå verda»

Det finst rett nok endå eldre kart som viser Noreg, men då som del av Skandinavia eller Vest-Europa. Dette er altså den første teikninga av landet vårt isolert frå resten av verda.

Slik sett var Noreg då for første gong framstilt som «noko for seg sjølv», sjølv om dette var midt i «dansketida» og landet var styrt frå København. 152 år før Noreg reiv seg laus frå Danmark og fekk si eiga grunnlov i 1814, og 243 år før landet vart sjølvstendig frå Sverige i 1905.

Kven som har teikna dette verdas første Noregskart, veit ein ikkje. Men ein veit at kartet over Stavanger bispedømme i den same boka er signert Laurits Clausen Scavenius, den danske Stavangerbiskopen som døydde i 1626.

Norvegia, kart fra 1662. Det første kjente kartet som viser bare Norge.

VAKKERT OG RART: Den hollandske teiknaren var dyktig, men Noreg såg vel heller ikkje i 1662 heilt slik ut.

Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen / UiB

Her kan du bla deg fram til dei ulike karta over Noreg og landsdelane, og zoome inn.

Hollandsk tømmerhandel

1600-tallet var hollendaranes århundre. Dei hadde dei beste karta og seilte på alle verdas hav. Boka med kartet over Noreg og landsdelane vart gjeve ut av den hollandske forleggaren Johannes Blaeu.

Bagge likar at det er små illustrasjonar på dei hollandske karta.

– Til dømes på store verdsatlas kan ein sjå kart med gromme nord-afrikanske slaveeigarar og slavar. I kart over Finnmark kan det vere eskimoar og gjerne ein isbjørn.

Som det rett nok fanst og finst få av i Finnmark.

Også Stavanger-kartet har eit slikt kjenneteikn: ein tømmerhoggar med eit lite tre.

– Det indikerer kvifor kartet over Noreg og dei ulike bispedømma vart laga. Hollendarane og engelskmennene trong kart når dei skulle hit og kjøpe tømmer. Store mengder tømmer.

Utsnitt frå kart over sørlege Sør-Noreg. Frå Norvegia, qvæ est Europæ liber primus||Joannes Blaeuw Norwegia descriptio 1662

TØMMERHOGGAR: Mannen med øksa indikerer at hollendarane laga kart over Noreg først og fremst fordi dei kjøpte og frakta tømmer derifrå.

Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen / UiB

Det blir til dømes sagt at London etter bybrannen i 1666 vart bygd opp att med norsk tømmer.

– Det var kanskje å ta litt hardt i.

Norgeskartet opna også norskekysten for direkte handel med hollendarar, utan kongens kontroll og skattlegging. Det likte kongen i København dårleg.

– Fredrik den 3. meinte rundt år 1660 at hollendarane hadde snytt han for 300 tønner gull, verd 30 millionar riksdalar, i trelast dei ikkje hadde betalt avgifter for.

Det tilsvarte 25 årlege statsbudsjett i Danmark-Norge på den tida.

– Ein enorm sum. Kongen smurte nok litt godt på, meiner Bagge.

Kart over sørlege Sør-Noreg. Frå Norvegia, qvæ est Europæ liber primus||Joannes Blaeuw Norwegia descriptio 1662

Sørlege Noreg

Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen / UiB
Kart over sørlege Sør-Noreg. Frå Norvegia, qvæ est Europæ liber primus||Joannes Blaeuw Norwegia descriptio 1662

Sørlege Noreg, meir detaljert

Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen / UiB
Kart over vestlege Sør-Noreg. Frå Norvegia, qvæ est Europæ liber primus||Joannes Blaeuw Norwegia descriptio 1662

Vestlandet

Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen / UiB
Kart over Hardanger/Sogn. Frå Norvegia, qvæ est Europæ liber primus||Joannes Blaeuw Norwegia descriptio 1662

Hardanger/Sogn

Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen / UiB
Kart over Trøndelag. Frå Norvegia, qvæ est Europæ liber primus||Joannes Blaeuw Norwegia descriptio 1662

Trøndelag

Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen / UiB
Kart over Finnmark. Frå Norvegia, qvæ est Europæ liber primus||Joannes Blaeuw Norwegia descriptio 1662

Finnmark

Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen / UiB

Unøyaktige men best

Noregskartet anno 1662 er ikkje akkurat korrekt. Forma på landet er rett og slett ganske merkeleg. Eitt påfallande trekk er at sørspissen av landet er veldig spiss. Agder er nærmast som ein pilspiss eller eit skarpt hushjørne.

– Dei har jo gjort så godt dei kunne ut frå føresetnadane dei hadde. Det var vel slik dei såg det føre seg, seier Bagge.

Kartet viser at hollendarane var interessert i kysten, og deira totale mangel på interesse for til dømes Telemark, som berre er ein stor kvit flekk på kartet.

– Dette var seilskutetida. Derfor er det stadene som var lette å legge til med seilskute som er merka av på karta.

Andre har meint forklaringa er at hollendarane frykta mordariske telemarkingar.

Uansett: Jo lenger nord eller inn i landet ein kjem, jo fleire feil og færre detaljar blir det.

– Dovrefjell og områda mot Sverige er berre skissert. Hollendarane verken visste eller brydde seg. Det var dei knekkande likegyldig kva som var inni landet der. Dei var ute etter tømmeret, dei.

Hollendaranes kart var likevel dei beste i samtida.

– I samband med slaget på Vågen i Bergen i 1665 sigla hollendarane rett inn dit, medan engelskmennene sleit med å finne fram. Kart var gull verd, eigentleg meir verd enn gull. Det første ein gjorde viss ein møtte fienden i framande farvatn, var å prøve å øydelegge karta sine, så ingen skulle få overta den kunnskapen, fortel Bagge.

Cecilie Marie Gottfred, konservator UiB

SKATTEJAKT: Universitetsbiblioteket har store mengder med spennande og unike dokument.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Drvnthem og Hucklefield

Stavanger og «Berghen» er sjølvsagt markert, men også til dømes «Carmen» (Karmøy) og «Store Soteren» (Sotra). Utanfor Stavanger står det «Nord Zee» (Nordsjøen), men utanfor Bergen står det «Mare Germanium». Det tyske havet?

– Det kan eg ikkje svare på, men vi kan jo spekulere litt. Bergen var jo hanseatisk og tysk til langt opp på 1600-talet, seier Bagge.

Det finst også kartblad over «Opsloe» (Oslo), «Hammer» (Hamar), «Drvnthem» (Trondheim) og «Finnmarchia». Ein del stadsnavn er det lettare å tyde viss du les dei høgt. Kva med til dømes «Hucklefield», eller «Soyde»?

Alt finst på Marcus

Alle karta i boka er sjølvsagt digitalisert, akkurat som svært mykje av dokument, handskrifter, bøker, fotografi og kart i universitetsbibliotektets spesialsamlingar.

– Det er fabelaktig å kunne vise folk at vi har desse tinga. Via portalen marcus.uib.no kan kven som helst finne det eldre materialet vårt på nettet, seier Bugge.

Ein fasit: Hucklefield betyr Haukelifjell. Soyde betyr Sauda.

Frå UiBs spesialsamlinger: Joannes Blaauw Norwegia Descriptio 1532

IKKJE AKKURAT NAF-BOKA: Permen innneheld sju kart frå Noreg publisert i 1662.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK