Hopp til innhold

Det blir glatt og vanskeleg på fjellet denne helga

Dei som må over fjellet for å koma heim til jul må vera førebudd på glatte vegar.

Dyranut 19/12

-Slik ser det ut på Dyranut laurdag formiddag. Det er isdekke og kan vera glatt.

Foto: Webkamera: Statens Vegvesen

Jula er rett rundt hjørnet, og mange kjem til å bruke denne helga på å kome seg på ferie.

Anten ein skal frå aust til vest eller omvendt i Sør-Norge, så er det mange som må over fjellet. Men vêret er ikkje det beste, og det kan vere vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i sør.

Fredag og natt til laurdag var det mykje vind i fjellet, men laurdag morgon er det betre forhold. Fjellovergangane er opne og vinden har løya.

Men meteorologen ber framleis folk vera obs. Det vil framleis vera ein del vind i fjellet som kan komme opp i stiv kuling i periodar. Og det kan bli veldig glatt.

– Temperaturene skal stige ganske mykje utover dagen og nedbøren kjem som regn høgt oppe i fjellet. Når regnet fell på holka som ligg der, kan det bli veldig glatt, åtvarer statsmeteorolog Martin Granerud ved Vervarslinga på Vestlandet.

Status på fjellovergangane

Slik er forholda på dei viktigaste fjellovergangane i Sør-Norge laurdag morgon klokka 07:

  • E134 Haukeli: Bart og vått. Opent.
  • Rv 7 Hardangervidda: Snøslaps, vekslende bart og isdekke. Opent.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Vekslende bart og snø- og isdekke. Opent.
  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Opent.

– På Hemsedalsfjellet har mildveret ført til at det er bart dei fleste stader, og det kan jo også hende på fleire fjellovergangar utover dagen. Men der det er is, kan det bli veldig glatt når det regner, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Ken Ove Holm.

Hemsedal fredag før jul

Slik er forholda på riksveg 52 over Hemsedalfjellet fredag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen

Glatt og vanskeleg

Vervarslinga sende ut OBS-varsel for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fredag ettermiddag.

Frå fredag ettermiddag til laurdag morgon var det venta lokalt vanskelege køyreforhold på høgfjellsovergangane, på grunn av kuling, nedbør og stigande temperatur.

I staden for at nedbør fell som snø, ventar meteorologane at det skal regna i fjellet. Når regnet då treff den kalde bakken og frys til, blir det såpeglatt.

– Fyll tanken og ha naudproviant

Ifølgje Vegtrafikksentralen seier det er vanskeleg å spå kor ille det skal bli i fjellet, og om det vil føra til stengingar.

Oftast er det riksveg 7 over Hardangervidda og fylkesveg 50 Hol-Aurland som stengjer først av overgangane.

Vegvesenet oppfordrar folk til å vera godt førebudd og at ein held seg oppdatert på trafikkinformasjon både før ein reiser og undervegs.

– Ha med ekstra klede, naudproviant og rikeleg med drivstoff på tanken. Sjekk oppdaterte meldingar om stengde vegar eller kolonnekøyring, er oppfordringa.

Vegtrafikksentralen ventar mykje trafikk også over helga når dei som skal jobbe måndag og tysdag skal på juleferie.