Hopp til innhold

Lengtar du til utlandet? I Vestland kan du finne igjen resten av verda

Lengtar du til finkorna sandstrender, greske øyar eller franske strender? Fortvil ikkje! Med litt fantasi er det faktisk mogleg å «reise» ganske langt.

Refviksanden

NOREG: Du treng ikkje reise langt for kvite strender og romantiske solnedgangar.

Foto: Julianne Flølo / NRK

For andre år på rad sender koronapandemien oss på ferie i eige land.

Sjølv om det er lov å lengte til det stor utland, kan du også få kjensla av å vere langt utanfor eiga landegrense her heime.

Kanskje var det også på tide at vi nytta oss av kjende perler og skjulte skattar. Kommunar over heile landet nyt godt av nordmenn på ferie, og fleire har hatt 200 prosent auke i summen turistane legg igjen.

Her er nokre tips til utanlandsferie i Vestland:

1. Maldivane, Copacabana eller Middelhavet?

1,5 kilometer med kritkvit sand og krystallblått hav, omgitt av høge fjell. Ytst i Nordfjord ligg Refviksanden, som fleire gongar er kåra til den finaste stranda i Noreg. Vågsøy i Kinn kommune er ein av dei mest vêrharde stadane i landet, men når sola først strålar over øya kan du verkeleg få kjensla av å vere på ei eksotisk strand langt utanfor Noreg – i alle fall så lenge du unngår å kjenne på temperaturen i vatnet.

Refviksanden

EKSOTISK: Refviksanden i Kinn kommune.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi treng ikkje Syden når vi har dette. Det er betre enn Syden, seier Linn Skjølstad.

Ho hadde tatt med familien på ferie, og angra ikkje på det. Det gjorde heller ikkje Shallowit With Pettersen.

– Det er sjukt fint her. Eg er frå Thailand, og denne stranda er minst like bra som dei vi har der, smiler han.

Linn og Amalie Skjølaas

NOREGSFERIE: Linn og Amalie Skjølaas la ferien til Refvik.

Foto: Julianne Flølo

2. Gondol, ski og innsjøar i Sveits

173 meter rett ned i avgrunnen på det høgste. I Loen i Stryn kommune tek gondolbana deg 1011 meter over havet, til toppen av Hoven. På toppen blir du møtt med utsikt til Lodalen, Oldedalen og Briksdalen. Der finn du også ein restaurant som kanskje matchar prisnivået i feriedestinasjonen Sveits.

Vegen opp er luftig, og sørgar for sug i magen.

– Det er brattare enn Mûrren i Sveits, og den andre eller tredje brattaste i verda når det gjeld passasjerfrakt, har prosjektsjef Phillip Biner tidlegare uttalt.

Loen Skylift

LUFTIG: Loen Skylift er ei av dei brattaste gondolbanene i verda.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dersom du føretrekker færre høgdemeter og meir bakkekontakt har Stryn kommune både skianlegg og innsjøar som i Sveits – isbrear fargar nemleg vatna i Loen og Olden smaragdgrøne.

Kajakkpadlarar på Oldenvatnet

BREVATN: Vatnet i Loen er farga av isbreane.

Foto: Silje Guddal / NRK

3. Øyhopping i Hellas

Langs kystlinja i Vestland finn du nokre av dei vestlegaste øyane i Noreg. Det er kanskje ikkje like avslappande eller romantisk som øyhopping på Santorini, Skiathos eller Skopollos i Hellas – men solnedgangar, idylliske fiskevêr, ope hav og tronge sund kan vere minst like eksotisk.

For å få kjensla av Hellas, kan du reise til Bulandet, Værlandet, Øygarden eller Solund. I Solund fraktar den lokale postbåten deg mellom øyane. Sjølv om øyrika i vest har fleire fellesstrekk med dei greske øyrika, bør garderoben i kofferten vere både vind- og vasstett.

Bulandet

ØYHOPPING: Både i Solund og Øygarden kan du oppleve øyhopping.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

4. Vinrankar i Frankrike

«C’est la vie’!" Vinrankar som boltrar seg i frodige bakkar og ei unik evne til å foredle frukt til drikkevarer av høg kvalitet.

Kortreiste drikkevarer av aller edlaste sort gjev deg smaken av Frankrike, men ikkje la det lure deg– velkomen til Hardanger!

Langs epletrea i Norheimsund er det nesten så ein kan høyre franske tonar i det fjerne. Men berre nesten.

Sjuragarden, Hardanger

KVAR?: Det er ikkje godt å seie om dette er i Bordeaux eller Norheimsund.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Gløym keisame vindistrikt som Bordeaux, Champagne og Savoi. Kva med Norheimsund, Lofthus eller Ulvik?

Austlendingane Trine Otte Bak Nielsen og sonen hennar Gustav er einige i at dette er plassen å vere i år.

– Dette kan ikkje samanliknast med Frankrike. Det er ein heilt eigen friskleik her på vestlandet, seier Otte Bak Nielsen og smakar på litt eplesaft frå Sjuragarden.

Gustav held glaset med begga hendene og tar ein svær slurk.

– Godt! konstaterer han.

Trine Otte Bak Nielsen og Gustav Otte Valland

BÅNNSKI: Trine Otte Bak Nielsen og Gustav Bak Valland tar seg ein velfortent slurk med den himmelske nektar.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

5. Brevandring i Himalaya

Himalaya i Nepal er kanskje ikkje staden for den som vil sleike sol og nyte late dagar. Men dersom du er ein av dei som et høgdemeter til frukost og gjerne erobrar ein isbre eller to, er fjellkjeda eit eldorado. Fjellområda husar nokre av verdas høgaste fjell, som Mount Everest og K2, i tillegg til toppar som dei fleste av oss kunne klart å klatre opp på.

Vestland har ingen fjell på høgde med Mount Everest, men kan skilte med Nigardsbreen i Jostedalen. Her finnast det også sherpaer som dreg deg til topps, og dessutan er det hakket meir oksygen enn på toppane i Himalaya. Men, det kan godt hende du finn spanske turistar med dongeribukse og joggesko både her og der.

Tshering Pande Bhote på Nigardsbreen

SHERPA: På Nigardsbreen kan du oppleve sherpaer som i Himalaya.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

6. Den Blå Lagune

Kunne du tenka deg å legge deg uti eit eksotisk og ganske blått vatn omringa av flott natur? Då bør du legge ruta til Bondhusvatnet i Sunndal. Her skin sola alltid med mindre det er overskya.

Det einaste ein ikkje kan garantere, er at temperaturen i vatnet er den same som på Island. Det er ikkje så mykje som ei varm kjelde i heile distriktet, men dette er verkeleg ikkje tida til å vere kjeldekritisk, er det vel?

Bondhusvatnet

BLÅ LAGUNE?: Bondhusvatnet i Sunndal.

Foto: Ingvild Mehl