Nokre av dei beste artistane frå Sogn og Fjordane kjem på scena under NRK Sogn og Fjordane sin julekonsert, Julelutt 2009. Konserten finn stad på Sogningen storsenter i Sogndal fredag 18. desember kl 16-17.30.
Håvard Lothe er mellom dei som kjem til Julelutt.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKHåvard Lothe
Håvard Lothe frå Florø og bandet gav i 2009 ut si første studioplate med tittelen Dorian Grey. Den hausta gode meldingar og låta Oceans Between gjekk rett inn på toppen av Fylkestoppen. Bandet hadde også ei enorm oppleving då dei fekk spele for eit publikum på 40.000 under ein konsert i Kina. Hausten 2009 var dei på turne med den nye plata og i november spelte dei for Kong Harald i Grieghallen.
The Generous Days blir med å deler ut Luttprisen 2009.
Foto: Alexander BenjaminsenThe Generous Days
Luttprisvinnarane 2008. Bandet med medlemmer frå Jostedalen, Hornindal, Lærdal og Leikanger starta året med speling på bransjetreffet Bylarm. Deretter la dei ut på ein sommar med mange spelejobbar. Dei har spelt på lokale og nasjonale scener, og var å sjå mellom anna på Norwegian Wood og på ein større festival i Liverpool. 23. november kom endeleg deputplata Thease are the Generous Days ut. Per Ole Hagen i NRK gav den svært god kritikk.
Tonereise er tilbake til Julelutt.
Foto: Arne Eithun / NRKTonereise
Tonereise frå Luster kom hausten 2009 ut med si nye plate med namnet Lekmann. Musikkuttrykket til Tonereise er framleis basert på songarven etter folkemusikaren Ragnar Vigdal, som i si tid samla hundrevis av gamle, religiøse folketonar. Utvandringa til Amerika er eit av temane på den nye plata, der dei også legg vekt på å fornye seg. Den nye plata fekk gode meldingar frå kritikarane.
Thea Hjelmeland kjem direkte frå Paris til Julelutt i Sogndal.
Foto: unknownThea Hjelmeland
Thea har for tida base i Paris, og kjem direkte derifrå til Julelutt. Ho har alltid vore interessert i musikk, og har opp gjennom åra jobba med fleire prosjekt. No har ho vore i studio og spelt inn si nye plate som det er store forventningar til. Thea har det siste året hatt spelejobbar i inn og utland. Det er ei stor glede å ønske ho velkommen til Sogndal.
Luttalentet Christina Knudsen kjem til Julelutt 2009.
Foto: Brit Jorunn Svanes/NRKChristina Knudsen
Christina Knudsen vart kjent gjennom lokalmusikprogrammet Lutt hausten 2009. Der framførte ho sin eigenskrivne låt Not Worth It. Deretter vart det speling både på NRK si jubileumsending og for Kongen under ei tunnelopning i Jølster. Knudsen er elev ved musikklina på Firda vidaregåande skule og er no klar med si andre låt på spelelista til NRK Sogn og Fjordane.
Steinar Engelbrektson kjem til Julelutt utan band.
Foto: promo/Tylden & coSteinar Engelbretson
Steinar Engelbrektson Band er ein av tre artistar frå Sogn og Fjordane som har vore innom VG-lista i år. Bandet gav i år ut sitt femte album. Musikkmeldar Erik Forfod i NRK gav ti av ti oppnålege poeng for årets plate, Minna som eg har. Dei ukrona dansebandkongane frå Nordfjord har slått seg opp til å bli eit av dei store trekkplastera på norske country og dansebandfestivaler.
Inge Ronny Kvåle
Inge Ronny Kvåle er klar for Julelutt.
Foto: PressefotoInge Ronny Kvåle frå Sogndal spelar med mellom anna Billa and the Kid, Tone Damli Aaberge, Olav Stedje, Odd, Lena Skjerdal - og er å finne som musikar på eit utal av studioinnspelingar frå fylket. Har tidlegare vore mykje på fylkestoppen som komponist i banda Utopia og Sviggum Band og elles som musikar på alt som rører seg i Sogn. Som soloartist og vokalist er han no i ferd med å spele inn ei rekkje med eigne låtar til CD saman med musikarar frå fjern og nær. Melodiøs pop/rock med innslag av alle slags strengeinstrument, kjenneteiknar sangane hans.