Over all forventning
- Det er enno ei veke att å røyste, og alt no har nesten 7000 vore inne og sagt si meining. Så dette er over all forventning. Det seier Stein Aase og Stian Sjursen Takle som er programleiarar for Julelutt.
Tidlegare vinnarar
Det er fjerde gongen at NRK Sogn og Fjordane deler ut Luttprisen. Tidlegare vinnarar er Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad og The Generous Days.
Vert delt ut i Sogndal
Luttprisen vert delt ut under NRK Sogn og Fjordane sin julekonsert Julelutt på Sogningen storsenter i Sogndal fredag 18. desember klokka 16-17.30. Der får du også møte artister som The Generous Days, Steinar Engelbrektson band, Spik Adel, Tonereise, Christina Knudsen, Håvard Lothe, Inge Ronny Kvåle og Thea Hjelmeland.
Stipend på 15000
I år er Luttprisen også for første gong ein sjekk på 15000 kroner. Sparebanken Vest deler nemleg ut eit stipend til vinnaren av årets Luttpris.
- Vi håpar stipendet skal vere med å gi Luttprisen enno eit løft. I tillegg får vinnaren diplom, heider, ære og radiospeling på NRK Sogn og Fjordane, seier dei to programleiarane