Hopp til innhold

For åtte år sidan rakk breen fram til denne steinen, sidan har han minka nær 100 meter

Norske isbrear held fram med å smelte. Haugabreen i Jostedalsbreen nasjonalpark har minka kvart år sidan målingane starta.

Haugabreen, Stardalen

HAR TREKT SEG TILBAKE: Steinen forskar Pål Hage Kielland står på er så langt fram Haugabreen gjekk i 2013.

Foto: Håvard Heggen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det skremmer meg kor fort det går, seier Laura Emilie Jørgensen.

Den danske studenten snakkar om Haugabreen, ein brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Saman med medelevar ved United World College i Fjaler er ho med på årets bremåling.

Kvart år sidan 2013 har breen vorte målt, og kvart år ser ein det same.

Breen trekker seg tilbake.

– Vi begynte å måle her i 2013. Kvar gong vi er her ser vi at breen ser litt mindre ut når vi kjem her på hausten for å måle frontposisjon, seier Pål Hage Kielland.

Han er fagansvarleg ved Norsk bremuseum i Fjærland.

Pål Hage Kielland

TENDENS: – Vi ser at breen smeltar tilbake og lèt etter seg morenehaugar og stein og vegetasjon. Det ser ut som eit månelandskap, ugjestmildt og goldt, seier Pål Hage Kielland.

Foto: Steinar Lote / NRK

Tilbake fem meter frå i fjor

I perioden 2013-2020 trekte Haugabreen seg 84 meter tilbake. Frå i fjor til i år er tilbaketrekkinga på fem meter.

– Det er ikkje eit kjempehøgt tal, men det betyr ikkje at breen ikkje minkar. Vi måler om breen går tilbake i lengde, men bretunga blir også smalare og tynnare, fortel Kielland.

Han fortel at fleire faktorar påverkar bresmeltinga og gjer at målingane varierer. Døme på dette er kor mykje solinnstråling breen får om sommaren, korleis temperaturen varierer og kor mykje snø som legg seg på breen om vinteren.

Bre, Jølster

FRÅ 30-TALET: Fotoet frå Haugabreen er truleg frå tidleg 1930-tal. I perioden 1933-1941 minka breen med 237 meter. Høgare temperatur på starten av 30-talet og lite nedbør om vinteren kan vere med å forklare dette, fortel Pål Hage Kielland.

Foto: Dr. M. Ebeling / NGU-foto

Nyleg målte dei også Vetle Supphellebreen i Fjærland. Denne breen har trekt seg tilbake to meter sett opp imot målingane i fjor, og totalt kring 30 meter sidan målingane starta i 2011.

Tilbake nær 500 meter

Bremålingane blir gjort i regi av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Nigardsbreen, ein brearm av Jostedalsbreen, har gått tilbake 39 meter frå i fjor.

Tilbakegangen i perioden 2001-2011 var på 138 meter, medan tilbakegangen mellom 2011 og 2021 var på heile 480 meter.

– Det er veldig store tal. Det gjenspeglar dei store endringane på breane, seier senioringeniør Hallgeir Elvehøy i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– For Nigardsbreen sin del, er det ei akselerering, seier han.

Då han og ein forskarkollega gjorde målingar på Nigardsbreen i fjor, var det nesten ikkje tilbakegang. Men det endrar ikkje det store biletet.

Elvehøy fortel at også andre brear har tilsvarande stor tilbakegang. Mellom desse er Gråfjellsbreen ved Folgefonna og Engabreen ved Svartisen.

Største årlege endring

Styggedalsbreen i Hurrungane har gått tilbake 37 meter frå i fjor haust. Det er det største årlege endringa sidan målingane starta i 1901.

Sjølv om enkeltmålingar er klare, er dei samla resultata frå bremålingane til NVE førebels ikkje klare.

– Sjølv om mange målingar enno står att, så ser det ut som om 2021 vert endå eit år med minkande brear, seier Elvehøy.

Øvre del av Nigardsbreen sett mot Lodalskåpa

NIGARDSBREEN: Øvre del av Nigardsbreen sett mot Lodalskåpa. Biletet er frå årets måling av breen.

Foto: Jostein Aasen / NVE