– Okkupasjonen av Gaza er eit vedvarande overgrep

Bergensarar demonstrerte i dag mot Israels okkupasjon av Gaza. – Norske myndigheiter må be Israel om å rette seg etter internasjonal lov, seier Line Khateeb, rådgjevar i Norsk organisasjon for asylsøkjarar.

Demonstrasjon

«BOIKOTT ISRAEL, FRITT PALESTINA»: Dei frammøtte på Torgallmenningen i Bergen i dag demonstrerte mot Israels okkupasjon av Gaza.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Etter 16 dagar med bombing av Gazastripen, skal rundt 540 personar ha blitt drepne på palestinsk side. 29 soldatar og to sivile skal ha mista livet på israelsk side.

demonstrasjon

«FRI GAZA»: T.v: Maylinn Lauritzen (30) og Veronika Sandanger (29) syner korleis dei ser på den pågåande konflikten mellom Israel og Palestina

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Den siste veka har det blitt halde store demonstrasjonar i Noregs største byar, der folk har samla seg for å demonstrere mot Israels okkupasjon av Gaza.

På Torgallmenningen i Bergen har i dag mellom 400 og 500 personar møtt opp for å be myndigheitene om å gripe inn i den langvarige konflikten mellom Palestina og Israel.

– Okkupasjonen av Gaza er ikkje eit eingongstilfelle, dette er eit vedvarande overgrep. Innestenginga av befolkninga på Gaza, blokaden, og okkupasjonen på Vestbredden er eit ledd i den israelske okkupasjonen, seier Line Khateeb, rådgjevar i NOAS og tidlegare leiar i Palestina-komiteen i Noreg.

– Det er Israels taktikk for å trenge ut det palestinske folket. Denne undertrykkinga må me få gjort noko med. Det er heilt klare brot på internasjonal lov.

– Fleire og fleire engasjerer seg

Under demonstrasjonen i dag skal det bli halde fleire appellar. Line Khateeb vil i hennar appell be norske myndigheiter be Israel om å rette seg etter internasjonal lov.

– Kor mykje hjelper slike demonstrasjonar i ein by som Bergen?

– Me har ikkje noko Storting å gå til eller ein israelsk ambassade å snakke med. Men me vil i alle fall sende rundt eit brev her i dag og be folk signere før me sender det til vår bergensar, Erna Solberg.

LES OGSÅ: Gaza er mindre enn Oslo, men større enn Trondheim

(Artikkelen held fram under biletet)

Demonstrasjon

– BROT PÅ INTERNASJONAL LOV: Line Khateeb, rådgjevar i Norsk organisasjon for asylsøkjarar og tidlegare leiar i Palestina-komiteen i Noreg kallar okkupasjonen av Gaza eit vedvarande overgrep.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Khateeb meiner stadig fleire syner at dei bryr seg om det som no skjer på Gazastripen.

– Me ser i sosiale medium og me ser på gata her at engasjementet er stort. Folk er opprørte over det som no skjer i Gaza.

– Dette er ei vedvarande konflikt. Gjer det det lettare eller vanskelegare å halde oppe engasjementet blant befolkninga?

– Eg tykkjer eg ser eit veksande engasjement blant folk. Kyrkja er blitt meir aktiv, KFUK/KFUM har vedtatt ein boikott av Israel. Me ser at Israel ikkje respekterer internasjonal lov. Okkupasjonen får ingen konsekvensar, og det forargar folk, seier Khateeb.

LES OGSÅ: Krigens barn - Nyheter, tv og radio fra hele verden - NRK.no