Hopp til innhold

Dei fekk flest strykningar

Ingrid Heggø og Tor Bremer frå Ap og Bjørn Lødemel frå Høgre fekk flest strykingar under årets stortingsval.

Bjørn Lødemel, Ingrid Heggø og Tor Bremer

FEKK FLEST: Bjørn Lødemel (H), Ingrid Heggø (Ap) og Tor Bremer (Ap) fekk flest strykingar under stortingsvalet.

Foto: Alf Vidar Snæland/Geir Bjarte Hjetland, NRK

Dei aller fleste av dei som røysta under stortingsvalet 9. september, leverte frå seg lista slik den var. Men nokre valde å gjere ein endring, anten ved å stryke ein kandidat eller å endre rekkjefølgja på lista.

Tykkjer det er lite dramatisk

Den som fekk flest strykingar var Tor Bremer som stod på 2. plass på lista til Arbeidarpartiet. 512 personar hadde stroke Bremer, men samstundes var det 403 som hadde gitt han ei ny plassering, anten opp eller ned.

Listetopp Bjørn Lødemel frå Høgre fekk 477 strykingar og 298 renummereringar. Sidan han stod på topp, betyr det at nesten 300 har gitt han eit lågare nummer på lista.

– Eg tykkjer ikkje det er så dramatisk. Når vi ser at Høgre har fått over 11.000 listestemmer, er ikkje 477 strykingar så mykje, seier Lødemel som no er klar for fire nye år på Stortinget.

– Men det er likevel så mange som har sagt dei ikkje ville ha deg på tinget?

– Ja, det tek eg til etterretning. At kandidatar blir strokne er eit uttrykk for at desse veljarane vil ha nokre andre. Det tykkjer eg er heilt greitt. Eg veit ikkje kvifor folk har stroke meg, men vi har jo hatt nokre kontroversielle saker.

Totalt fekk Arbeidarpartiet 17.183 røyster medan Høgre fekk 11.635.

– Må rekne med dette

Ingrid Heggø som var listetopp for Arbeidarpartiet og som også har fått fire nye år på Stortinget, seier at strykingar må ein rekne med når ein vel å stå på topp.

457 av dei som røysta ved årets val, valde å stryke Heggø frå lista. 337 gav ho ei lågare plassering på lista.

– Kva trur du forklaringar er på at du har fått mange strykingar?

– Det veit eg ikkje. Men det er noko ein må rekne med når ein stiller på ein slik plass. Eg tykkjer det er greitt veljarane kan gjere endringar, sjølv om det skal mykje til for at ei endring skal skje, seier ho.

Må vere endra på over halvparten

Knut Henning Grepstad.

SKAL MYKJE TIL: Knut Henning Grepstad seier det er mest prinsipielt at folk kan endre listene.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Ved eit stortingsval må over halvparten av listene endrast for at det skal gi utslag. Det betyr at for Arbeidarpartiet sin del, så måtte over 8500 lister hatt same endringa for at den skulle gjelde.

Ved årets stortingsval i Sogn og Fjordane endra 7525 veljarar på lista dei la i valurna. Totalt kom det inn 61.172 røyster på dei ulike partia, i tillegg til 253 blanke setlar.

Leiar av fylkesvalsstyret, Knut Henning Grepstad, seier at få veljarar nyttar seg moglegheita til å stryke eller flytta kandidatar på listene.

– Mange veit at meir enn halvparten av dei som nyttar ei liste, må gjere same endringa for at det skal ha betydning under stortingsval. Dette valet er forskjellige frå kommunevalet der ein kan gi folk ei ekstra stemme, det som blir kalla kumulering.

Har aldri blitt endra

Grepstad seier at sidan det skal bli mykje til for å få til ei endring, så er det lite interessant for folk å gjere.

– Eg tykkjer ikkje tala på strykingar er høge. Det er lite eg kan trekkje ut som signal på noko som helst. Eg tykkjer det er lite dramatisk, seier Grepstad.

– Har det skjedd at lister i Norge har blitt endra på grunn av strykingar og renummeringar?

– Det har aldri hendt at rekkjefølgja har blitt endra, seier Grepstad.

– Kan vere utsette for slitasje

Men sjølv om endringar betyr lite i praksis, seier han det er viktig at moglegheita finst.

– Om det etter ein nominasjon skjer noko som gjer at ein som står på lista ikkje bør bli representant, er dette ei moglegheit for å fjerne kandidaten. Så dette er ein prinsipiell meir enn ein praktisk regel.

Grepstad trur også at enkelte listetoppar kan bli utsett for det han kallar slitasje.

– Slik det er med regjeringsslitasje, er det også slitasje på det å vere listetopp og mest profilert. Det kan vere enkeltveljarar som ønskjer eit skifte eller å markere seg i forhold til ei bestemt sak. Men det er små tal vi snakkar om og dei som blir strokne skal ikkje tenkje for mykje på det, seier han.

Desse fekk flest strykningar

Namn

Parti

Plass på lista

Strykningar

Renummereringar

Rettingar totalt

Totalt
tal stemmesetlar

Tor Bremer

Ap

2

512

403

915

17183

Bjørn Lødemel

H

1

477

298

775

11635

Ingrid Heggø

Ap

1

457

337

794

17183

Bjørn Hollevik

H

2

242

505

747

11635

Embla Belsvik

H

4

191

388

579

11635

Jenny Følling

Sp

2

197

344

541

12619

Liv Signe Navarsete

Sp

1

187

196

383

12619

Kristin Maurstad

Ap

3

165

465

630

17183

Grethe Kristin Lerum

H

3

143

276

419

11635

Frank Willy Djuvik

Frp

1

133

120

253

6608


Her er oversikten over dei andre listetoppane:

Trude Brosvik

Krf

1

28

39

67

4952

Vibeke Johnsen

Sp

1

19

29

48

2076

Sveinung Rotevatn

V

1

43

64

107

3883

Magnar Hellesøy

De Kristne

1

5

4

9

515

Tor Øyvind Westbye

MDG

1

13

25

38

1032

Øyvind Nondal

Piratpartiet

1

3

11

14

151

Asbjørn Massnes

Kystpartiet

1

2

2

4

100

Svein Otto Nilsen

Demokratene

1

0

1

1

32

Ingunn Kandal

Rødt

1

14

9

23

386

Ekspander/minimer faktaboks