– Det er alt for dårleg i høve til dei investeringane vi har gjort og er i ferd med å gjere, seier han.
Verftsindustrien har vore igjennom ein tøff periode, og dette syner igjen i årsresultata - også hos Båtbygg på Raudeberg. Verksemda hadde eit underskot på 2,3 millionar kroner i fjor. I 2002 hadde dei derimot eit overskot på nærare fire millionar kroner.
Utbygging hemmar produksjonskapasiteten
Den låge omsetnaden i fjor forklarer delar av det dårlege resultatet, seier Sjåstad. - Det har vore, og er framleis, ein vanskeleg tid for skipsindustrien. Det er det også i reparasjons- og vedlikehaldsbransjen, som vi er i, seier direktøren. - Vi er prega av låg omsetnad og låge marginar. Vi byggjer også ut ein ny tørrdokk som hemmar kapasiteten og drifta vår, seier han.
Håpar på balanse i år
Båtbygg har i dag 65 tilsette. Fjoråret var prega av permitteringar, men no er heile arbeidsstokken tilbake i jobb. Men også 2004 kan verte eit tungt år, trur Sjåstad, sjølv om det no ser litt lysare ut. - Vi håpar å komme i balanse i år, seier han.