Hopp til innhold

Dansar til sveitten renn kvar veke

NAUSTDAL (NRK): Dei strøymer til frå heile Sogn og Fjordane til onsdagsdansen. Til levande toradermusikk dansar dei gamaldans til sveitten piplar.

Sigvor Mortensbakke

ENGASJERT: Ho har vurdert å gi seg med dansen, men ho ser kor mykje det gler dei som deltek.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Når vi er femti stykk her er vi eigentleg få. Nokon gonger er vi opp til åtti, seier Sigvor Mortensbakke.

Ho har arrangert onsdagsdansen i Naustdal kvar veke i over 30 år. Dansen fanga ho då ho vart konfirmert og fekk lov til å gå på dans. Og interessa har vore med ho heile livet.

Køyrer milevis for å delta

– Eg har langt å køyre, for eg bur i Sogn, men det er vel verdt det. Det er så kjekt her, seier Aud Thue.

Og ho er ikkje den einaste som kjem langvegsfrå. Mortensbakke fortel at det kjem folk frå blant anna Dale, Florø, Jøster og Svelgen for å danse.

Aud og arvid

DANSEGLADE: Aud Thue og Arvid Hovand møter opp på dansen så ofte dei kan.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Dette er det kjekkaste eg veit om kvar onsdag. Det skal mykje til for at eg ikkje møter opp her, seier Arvid Hovland.

Høgt tempo

Levande trekkspelmusikk

MUSIKK: På scena i Fosshalla sit toradergruppa, som spelar opp til dans.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Det er god trim. Faktisk er det fleire som må byte skjorte i kaffipausen fordi dei blir så sveitte, seier Mortensbakke.

Toradergruppa i Naustdal spelar opp, og lagar god stemning i lokalet. Dei kombinerer øvinga si med å spele for dansarane.

Lærer vekk det ho kan

Mortensbakke har ingen instruktørkurs, men lærer vekk det ho kan. Ho har reist litt rundt og lært seg nye dansar som ho tek med seg tilbake til Naustdal.

I 2010 fekk ho Naustdalsprisen for arbeidet ho har gjort i over 30 år.

– Det var utruleg stort at eg kunne få den prisen for å halde dansen her i gang. Men det er jo helse, og veldig sosialt, seier ho.