Hopp til innhold

Hjelpte stjerneskodespelarar på Broadway med Ibsen-klassikar

Då stjerneskodespelarane skulle synge norske folkeviser på Broadway, blei Sara Lade frå Sykkylven kontakta.

Victoria Pedretti, Caleb Eberhardt og Jeremy Strong in An Enemy of the People

BROADWAY: Jeremy Strong hadde hovudrolla i stykket «An Enemy of the People».

Foto: Emilio Madrid

Det heile starta då Sara Lade frå Sykkylven på Sunnmøre blei kontakta av den amerikansk teaterregissøren Sam Gold like før jul i 2023.

Han bad ho om hjelp til å plukke ut norsk folkemusikk til stykket «An Enemy of the People» som skulle settast opp på Broadway i New York. Dette er ein versjon av Henrik Ibsen-stykket «Ein Folkefiende».

Det kom jo eigentleg heilt ut av det blå. Det var berre veldig hyggeleg og ein ting som eg berre var nøydd til å gjere.

Det fortel Lade som er utdanna jazzsongar. Slik enda ho opp med å få jobben som musikkurator på førestillinga.

Lærte skodespelarane norsk

Lade har dermed jobba tett saman med fleire kjente skodespelarar det siste halve året.

Jeremy Strong, kjent frå Succession, og Michael Imperioli, som har spelt i Sopranos og The White Lotus, speler hovudkarakterane i Gold sin versjon av stykket.

Michael Imperioli i stykket An Enemy of the People.

Stykket har gått for fulle hus på Circle In The Square på Broadway sidan mars.

Foto: EMILIO MADRID

Strong vann nyleg ein Tony-pris for rolla si.

Saman med regissøren var Lade med på å plukke ut musikk til stykket.

Ho skulle også forklare skodespelarane kva songane handla om og lære dei å synge desse på norsk.

Det var ei utfordring for dei å lære seg norsk og norsk uttale. Det er jo ikkje mogleg å lære det på så kort tid.

Ein del av løysinga blei at ho tok opp når ho sjølv song, slik at skodespelarane kunne lytte og herme etter henne når dei øvde. Slik blei dette ein del av prosessen med å lære vekk musikken.

Dei var kjempeflinke. Eg opplevde at dei hadde respekt for musikken og var veldig interessert.

Sara Lade

«An Enemy of the People» er den største produksjonen Sara Lade har vore med på.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Spørsmål om sanning engasjerer

Amerikanarane elska stykket og det blei ein suksess. Lade trur den politiske situasjonen i landet gjer at bodskapen appellerer.

Kjernen i stykket er kor lett det er å justere, eller dreie på sanninga, når ein har noko å vinne på det. Det handlar også om kva som kan skje når ein sett spørsmålsteikn ved den objektive sanninga. Desse tema er noko som pregar det politiske klimaet her borte, forklarer ho.

Ferie i Noreg

På søndag er det siste framsyning.

– Det har vore ei heilt fantastisk oppleving. Å få lov til å jobbe i ein stor produksjon, sjå det på nært hald og vere ein del av det, det har vore veldig fint.

Lade skulle eigentleg berre bu i USA i eitt år, men det har blitt til 14 år.

Etter arbeidet med stykket kjenner ho seg ekstra knytt til Noreg. Før ho startar med sitt neste prosjekt, som er vidare arbeid med eigen musikk, vil ho unne seg ein ferie i heimlandet.

Sommar i Noreg er fint. Då skal eg heim til far i Velledalen i Sykkylven, og til Trondheim der eg vaks opp.

Les også Syklar gir straum til teaterstykke om klimakrisa

Et stykke for de levende i en døende verden

Les også Edvard Hoem avsluttar slektskrøniken: – Vil ikkje skrive om dei som lever no

Edvard Hoem ved peisen hjemme på Hoem

Les også Forskar på dialektendringar: – Trur endringsfarta er større enn for nokre år sidan

Karin Fløtre Dahl og Stig Helset, dialektprosjekt Volda