Hopp til innhold

Florø sjokkerte Bobby Bare

Countryartistane Petter Øien og Bobby Bare gjekk heilt til topps under delfinalen i Melodi Grand Prix i Florø.

Bobby Bare og Petter Øien

GLADE: Bobby Bare og Petter Øien er klar for den norske Melodi Grand Prix-finalen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dermed fekk Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen heilt rett i at det norske folket ville sjå sirkuset sin eldstemann, countrystjerna Bobby Bare (76), i finalen i Oslo.

Og det overraska den amerikanske countrystjerna.

SJÅ: Biletserie frå delfinalen i Florø

– Det kom faktisk meir overraskande på meg enn då eg fekk Grammy i 1964. Då hadde eg ingen idé om Grammy var, og reiste berre fordi eg var nominert. Dette var jo på den tida då Country hadde ei utdeling, ler han etter å ha spelt låta Things Change for siste gang i Florø.

Beste i verda

Countryfans under delfinalen i Florø.

NØGDE: Desse countryentusiastane kunne sleppe gleda laus etter MGP-delfinalen i Florø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

No ventar ei veke med øving før den norske finalen i Oslo kommande helg. Vidare gjekk også Tooji og dei yngste i delfinalen, Yaseen og Julie Maria.

Countryduoen var dei siste som vart ropt opp av dei som gjekk vidare frå Florø. Det var ein tydeleg overraska Bare som gjekk mot Per Sundnes for intervju.

– Eg visste jo ikkje heilt kva som skjedde. Eg visste vi hadde ei god låt og viste vår dedikasjon til den. Og så er jo den norske fansen dei aller beste i verda. Dei har nydeleg smak, seier 76-åringen sjølv er god for over 40 album.

Var usikre

Og sjølvsagt ein Grammy for 48 år sidan.

– Vi var einaste countrylåt her i Florø, så eg visste ikkje heilt kva eg skulle vente, held Bare fram. Også Petter Øien, som i fjor spelte i finalen med Sie Gubba, vart «teken litt på senga» då finalistane vart ropt opp.

– Dævven steike. Vi var sikker på at låta var god og hadde ei god kjensle. Men om den var god nok i Melodi Grand Prix-samanheng var umogleg å vite, seier han.

Uvisst kor langt

– Du kan samanlikne det med då Sie Gubba fekk plass i gullfinalen i fjor. Eg har same kjensla no. Men her har eg æra av å stå saman med sjølvaste Bobby Bare, seier han.

Øien vil ikkje spå kor langt countryduoen kan gå. Han reknar Plumbo som ein av dei sterkare korta i finalen.

– Men så er det så mange ulike sjangrar, så det er vanskeleg å samanlikne. Men eg håpar vi kan vere med i toppen, seier han med eit smil før finaleplassen skal feirast på trøndersk vis.