Hopp til innhold

Bystyret vedtok «bompengesjokket»

Vedtok femdobla bompengar og gratis buss og bane på dagar med dårleg byluft.

Køprising i Bergen

KRAFTIG TILTAK: Frå no av vert det eit kraftig hopp i bompengane i Bergen på dagar med dårleg byluft. Kollektivtrafikken vert gratis når beredskapstakstane vert innført.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

– Dette er vedtaket me håpar aldri vert tatt i bruk, sa Harald Berge Breistein (KrF) då bystyret i Bergen vedtok å femdobla bompengesatsane på dagar med dårleg luftkvalitet.

Det betyr at prisen for bomringpasseringane i byen vert 225 kroner for personbilar i rushtida, om det er meldt helseskadeleg luft i minst to dagar. Elles på døgnet vil det kosta 95 kroner.

Fram til i dag har Bergen brukt datokøyring når det er meldt minst tre dagar med svært dårleg luft. Tiltaket er berre tatt i bruk i to periodar frå 2010 og fram til i dag.

– Potensiell katastrofe

Henning Warloe

MOTSTAND: – Dette er potensielt sett å vedta ein katastrofe, seier Henning Warloe (H), som var byutviklingsbyråd fram til valet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Høgresida har markert kraftig motstand heilt frå byråden i vinter kom med forslaget.

– Det er verken innovativt eller nyskapande å auka ei eksisterande avgift. For mange av innbyggarane tèl faktisk hundrelappane, sa Sara Økland (Frp) frå talarstolen i bystyret.

Henning Warloe (H), som var byutviklingsbyråd fram til valet, meiner kollektivkapasiteten i byen ikkje er god nok til at tiltaket kan fungera.

– Dette er potensielt sett å vedta ein katastrofe, sa høgremannen.

Både Høgre og Framstegspartiet røysta mot både gratis kollektivtrafikk og beredskapstakst i bompengeringen.

– Portforbod

Opposisjonen i sentrum og på venstresida røysta for forslaget frå byrådet.

– Det radikale er ikkje å innføra tiltak som gjer at me får betre luft. Det radikale er det portforbodet som dei med helseplager har i dag, sa Sondre Båtstrand (MDG).

SV meiner òg at høgresida bommar med kritikken.

– Det er ikkje berre bilistane som må betala. Dei med helseplager betalar for den situasjonen som i dag er på dagar med dårleg luft, seier Kerim Hestnes Nisancioglu (SV).

Sondre Båtstrand

RØYSTA FOR: – Det radikale er ikkje å innføra tiltak som gjer at me får betre luft. Det radikale er det portforbodet som dei med helseplager har i dag, sa Sondre Båtstrand (MDG).

Foto: Miljøpartiet Det Grøne

Stolt byråd

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) uttrykte glede over å få tilslutning for forslaget hjå dei folkevalde i bystyret.

– Eg er stolt over det vedtaket me gjer i dag. Også sett i lys av at statsråd Ketil Solvik-Olsen har etterlyst tiltak frå byane, sa byråden.

Byråden satsar på at kommunen og fylkeskommunen greier å gje innbyggarane eit godt nok kollektivtilbod om krisetaksten må innførast.

– Det store eksperimentet her er det me gjer med bergensarane si helse om me ikkje vedtek dette, sa Tryti.

Silje Hjemdal frå (Frp) reagerer på at fleirtalet i bystyret skuldar høgresida for å gje blaffen i helsa til bergensarane.

– Me innførte ei rekkje tiltak då me styrte så me gav så visst ikkje blaffen i dette, seier Hjemdal.