Ein av naboane er Frode Støyva, som seier lukta er forferdeleg.
- Det er ei stram lukt frå reinseanlegget som minner om kål og sur mjølk.
Arkiv NRK
Ubeskriveleg
Støyva seier lukta er svært skjemmande, og får støtte frå Jan Kåre Torheim som også er nabo til mjølkeanlegget.
- Lukta er heilt ubeskriveleg, ho er rett og slett forferdeleg og avgrensar kva ein kan gjere utandørs, seier Torheim.
Langvarig problem
Og no har problema vorte så store at Fylkesmannen har pålagt at meieriet på Byrkjelo greier ut og kjem med tiltak for å få vekk den vonde lukta, som truleg stammar frå eit reinseanlegg.
- Den vonde lukta har lenge vore eit problem for nabolaget, seier Frode Støyva. No håpar han og dei andre naboane at meieriet for alvor tek tak i problemet.
Sjå "Kvalm mjølkelukt plagar naboar ".
Ber om orsaking
Magnar Berge ved Tine Vest i Byrkjelo kan ikkje anna enn å be om orsaking til naboane. Meieriet jobbar no med ein handlingsplan til Fylkesmannen der dei vil finne svar på det illeluktande problemet.
Fylkesmannen har pålagt meieriet å komme med tiltak innan 1. september.