Hopp til innhold

Byrådet vil stoppe «After Dark»

Det nye byrådet vil ikkje gje skjenkeløyve til verksemder som driv med stripping eller topplausservering. I byrådsplattformen skriv dei at dei heller ikkje vil gi løyve til «virksomheter som søker å unngå intensjonene i kommunens skjenkepolitikk». Strippeklubben «After Dark» har delt lokalet i to for å kunne tilby både alkoholservering og stripping. – Vi opplever at dei har forsøkt å omgå regelverket, og målet vårt å lage eit regelverk der den typen konsept ikkje få skjenkeløyve, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).