Hopp til innhold

Byrådet i Bergen vil følge opp barn som står i fare for å bli kriminelle

Vinningskriminaliteten blant 10-14-åringar i Bergen har auka med 175 prosent dei siste fem åra. For dei mellom 15 og 18 år har den auka med 122 prosent.

Det kjem fram i saka der byrådet i dag la fram ei innsatspakke mot ungdomskriminalitet.

Byrådet er oppteke av meir førebygging og oppfølging, i tettare samarbeid med politiet, føresette og næringslivet.

Etter inspirasjon frå København, Oslo og Gøteborg foreslår dei mellom anna å følge tettare opp einskilde barn og unge som er i faresona for å komme inn i kriminelle løypebanar. Dei foreslår også eit prosjekt for unge under 15 år der dei kan få deltidsjobb og lommepengar.

Byrådsleiar Christine Meyer fekk i vår kritikk for å la skattebetalarar betale for sin studietur med andre Høgre-politikarar til nettopp København. Høgre enda opp med å ta rekninga. Men i kontrollutvalet denne veka fekk Meyer kritikk for å vere vag på rolla si - fordi det kan stå fram som ei tenestereise, ifølgje BT.

Byrådet set ikkje av ekstra pengar til innsatspakka, men håper å få meir pengar frå eksternt hald, eller omprioritere internt.