Hopp til innhold

Treningssentera taper stort – her bygger dei nytt midt i koronakrisa

ARNA (NRK): Sjølv om treningsbransjen er i krise, startar to kompisar nytt treningssenter. – Nokre av dei mest vellykka bedriftene er blitt starta i nedgangstider, seier NHH-professor.

Marcus Bratli og Christian Nygaard bygger nytt treningssenter

STARTAR NYTT: Marcus Bratli (t.v.) og Christian Nygaard (t.h.) pussar opp 300 kvadratmeter som skal bli treningssal for kondisjon og styrketrening. Dei let seg ikkje skremma av usikre framtidsutsikter og ein bransje som slit. – Etter kvart vil situasjonen roe seg og gå tilbake til normalen.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Det har alltid vore ein draum å opne eige treningssenter, seier Marcus Bratli (19).

Saman med barndomskameraten Christian Nygaard (20) står han blant målingsspann og parkettplater. Stemma skapar ekko i det 300 kvadratmeter store rommet, som snart skal huse draumen deira.

Medan andre treningssenter slit under strenge koronarestriksjonar, vel dei to å satse heilt nytt.

– Planen er å opne dørene 1. januar. Vi satsar på at vi får lov til det, seier Bratli.

Har blitt åtvara

Treningssenteret, som har fått namnet «Optimum», blei først omtalt av Bygdanytt.

Senteret skal vere døgnope og sjølvbetent, der kundane ved hjelp av elektroniske løysingar kan låse seg inn og trene som dei vil, når dei vil.

Men akkurat no må alle treningssenter halde stengt. Utan at det skremmer gründerane.

– Får vi først lov til å opne, trur eg ikkje det vil bli noko problem å halda det ope utan stor smittefare. Vi kjem ikkje til å tilby gruppetimar, og det er kanskje der smitte kan spreie seg, seier Bratli.

– Men kjennest det litt vågalt å starte opp midt under ein pandemi?

– Det er fleire som har sagt det. Men så lenge treningssentera opnar igjen og smitten går ned, ser eg ingen grunn for at dette ikkje kan bli bra, seier Nygaard.

Treningssenter i Arna under bygging

UNDER 40 DAGAR ATT: Planen er at det nye treningssenteret på Espeland i Arna skal opne dørene 1. januar, viss smittevernreglane tillèt det. Framleis står det att ein del arbeid før senteret er klart for å ta imot folk.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Tapar opp mot halvparten

– Det er utan tvil svært tøffe tider for bransjen, seier Kjersti Oppen som er bransjedirektør for Virke trening.

Kjersti Oppen, bransjedirektør Virke Trening

TØFFE TIDER: Kjersti Oppen er bransjedirektør for Virke trening, som organiserer rundt 400 treningssenter. – Dette er det tøffaste denne bransjen har gått gjennom, det er det ingen tvil om, seier Oppen.

Foto: Virke

Dei organiserer rundt 400 treningssenter i Noreg, og har gjennom heile pandemien gjennomført medlemsundersøkingar.

I snitt reknar dei med at omsetninga vil vere 20 til 30 prosent lågare i år enn i fjor.

– Ikkje umogleg

Virke trening-leiaren er likevel ikkje overraska over at det kjem nyetableringar, som «Optimum» i Arna.

I krisetider ser vi alltid at det er nye aktørar som ser moglegheiter der andre opplever store utfordringar. Det er offensivt, men berre å ønske stort lykke til.

Kjersti Oppen, bransjedirektør for Virke trening

Strategi-professor Lasse B. Lien ved Noregs handelshøyskole (NHH) trur det er mange som har utsett planar om å starte bedrift no.

– Viss ein startar i ein av bransjane som er ramma av nedstenging, er det vanskeleg for nyetablerte å kapre kundar frå andre. På kort sikt trur eg treningssenterbransjen er ein tøff bransje å starte i, seier Lien.

Professoren peikar på usikre inntekter og at kundar er mindre risikovillige i krisetider, som nokre av utfordringane.

Men heilt umogleg er det ikkje:

– Historisk sett har nokre av dei mest vellykka bedriftene blitt starta i nedgangstider. Men det betyr ikkje at den gjennomsnittlege bedrifta som blir starta under slike omstende kjem til å gjere det bra, seier Lien.

På Espeland fortel Christian Nygaard og Marcus Bratli at dei ikkje er spesielt redde.

– Det gjeld å ha litt kapital på bok, så vi toler ei nedstenging. Men vi kryssar fingrane for at vi slepp det – og at folk tør å melde seg inn.

Lasse B. Lien, strategi-professor ved NHH

FÆRRE ETABLERINGAR: Strategiprofessor Lasse B. Lien ved NHH seier talet på nyetablerte bedrifter svingar i takt med smittenivået og tiltaka. – Då landet blei stengd ned i mars, blei det dramatisk færre nyetablerte bedrifter. Men i 3. kvartal kom ei bølge av nyetableringar. Tala for den nye, siste smittebølga er ikkje klare endå, men vi er ganske sikre på at det er ein ny nedgang.

Foto: Elise Farestveit / NRK