Hopp til innhold

– Naturen er fantastisk, men vi treng toalett

STRYN (NRK): Mangelen på toalett langs viktige turistruter skaper prekære tilstandar. Langs ei av Norges mest populære turistvegar kan det gå fire timar utan at folk får letta seg.

Sveitisisk turist

FORUNDRA: Dei sveitsiske turistane er forundra, men letta over å endeleg kome fram til eit offentleg toalett.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi sat på bussen og venta på neste stopp, men då vi kom fram på Strynefjellet var jo der ikkje noko toalett, seier Sureta frå Sveits forundra.

Hastige turistar går med raske steg mot det offentlege toalettet i Stryn sentrum. Dette er sjansen enkelte har venta på i timesvis.

Bussane som stoggar her er på veg mellom Hellesylt og Geiranger. Dette er indrefileten av norsk natur gjennom Nordfjord og Sunnmøre. Men frå Stryn til Geiranger via Gamle Strynefjellsveg og Dalsnibba tek det nær fire timar mellom dei offentlege toaletta.

Sveitsiske Sureta vedgår at synet av høge fjell og frie fossefall ikkje er heilt det same om ein sit og kjenner på kraftige behov.

– Det er for lenge å vente. Naturen er fantastisk, verkeleg. Men de må sjå til at det er fleire toalett her. Maks to timars mellomrom helst.

Gamle Strynefjellsvegen

POPULÆR: Gamle Strynfjellsveg er ein populær inngang til Stryn og Nordfjord.

Foto: Sonja H. Kvernevik

Milliardinvesteringar manglar toalett

Norge har investert over tre milliardar kroner i 18 nasjonale turistvegar. Men fleire av desse er utan offentlege toalett, det gjer Bjørg Næss som er dagleg leiar i Geiranger Cruise Handling oppgitt.

Bjørg Næss

OPPGITT: Bjørg Næss i Geiranger Cruise Handling krev at det kjem på plass toalett mellom Stryn og Geiranger.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Firmaet jobbar med å organisere bussreiser frå cruisekaiene i området, fleire av turane kan ta mange timar.

– Og kanskje rett etter ein lunsj med kaffi. Då er magane og blærene fulle. Vi køyrer gjennom Noregs flottaste natur, det er forhåpentlegvis det dei hugsar, og ikkje at dei må på do, seier Næss.

Trasig også for guidane

I Stryn sentrum har kommunen og næringslivet spleisa på eit toalett med god kapasitet.

Bjørg Næss fortel at dette er einaste håp for mange av dei vegfarande. For slettes ikkje alle turistbussar har toalett ombord.

Offentleg toalett Stryn

REDNINGA: Dette synet gledar mange turistar på veg mellom Stryn og Geiranger.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er kjærkome, det er heilt sikkert. Vi kan ikkje sende inn ei busslast for å gå på do på private hotell utan vidare. Det kan vere 20 til 30 bussar i slengen, seier ho.

Reiselivet fryktar at turistane skal få ei dårlegare oppleving. Marknadsjef i Visit Nordfjord Beate Vik Hauge meiner det er avgjerande at toaletta fins.

– Vi inviterer gjestar frå heile verda, då må dette vere på plass, og tilbodet må vere reint og skikkeleg.

Vegvesenet: – Det er beklageleg

Men Statens vegvesen kan ikkje love betre tilhøve. Dei nasjonale turistvegane går gjennom verna natur og høge fjell, fleire stadar fins det verken straum eller vatn, seier byggeleiar i Statens vegvesen Kåre André Berge.

Gisela Jahn

TRENG TOALETT: Turguide Gisela Jahn meiner flerie av turistane hadde hatt godt av å finne eit toalett undervegs på den nær fire timer lange reisa frå Geiranger via Dalsnibba, Gamle Strynefjellsveg til Stryn.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er klart at med ein så lang tur så er der stort behov for meir utbygde toalettfasilitetar. Det er litt beklageleg at det er slik.

Dei reisande NRK møter utanfor Stryn sitt offentlege toalett er tydelege, det er også turgiden deira Gisela Jahn.

– Det ville vere kjekt å kunne stoppa oftare, det ville vore flott.