Hopp til innhold

Bygda fekk storstilt presang – men gåva kjem ikkje gjennom her

Ein musikkbinge skal bli øvingslokale for unge musikkspirar i bygda Vevring i Sunnfjord. Det er berre eitt problem.

Bygda fekk storstilt presang – men gåva kjem ikkje gjennom tunnelane

EIN KAMEL GJENNOM NÅLAUGE: Alt tyder på at Frammarsviktunnelen er for trong for musikkbingen som grendelaget fekk i gåve. Ei anna vegrute eller transport sjøvegen er moglege alternativ.

Foto: Steinar Lote

– Utfordringa er storleiken, seier Ole Erik Thingnes, leiar i Vevring grendelag.

For fleire månader sidan fekk han ei gåve frå gamle Naustdal kommune.

Både Vevring og Naustdal ligg i det som no heiter Sunnfjord kommune, i gamle Sogn og Fjordane.

Det var berre eitt problem. Presangen er fire meter brei, åtte meter lang og meir enn tre meter høg.

Og han veg åtte tonn.

Gåva, som er ein musikkbinge, skal etter planen vere øvingslokale for barn og unge ved Vevring skule.

Men mellom skulen og der bingen no står, er det 34 kilometer.

Og enda verre: vegstrekningen er full av tunnelar. Tronge tunnelar.

Det var Firda som fortalde historia først.

Ein 32 kvadratmeter stor musikkbinge skal bli øvingslokale for unge musikkspirar i bygda Vevring i Sunnfjord. Det er berre eitt problem.

GÅVA: For fleire månader sidan fekk han ei gåve frå gamle Naustdal kommune, som no ligg i Sunnfjord kommune på Vestlandet.

Foto: Steinar Lote

For høg for tunnelen

– Vi har fått noko å bryne oss på, seier Thingnes.

– Det er jo litt fjell, tunnel og smal veg mellom Vevring og der bingen står plassert no.

Særleg fire tunnelar byr på utfordringar: Helle-, Redals-, Frammarsvik- og Grytetunnelen.

Dåverande kommunalsjef i Naustdal kommune, Ørjan Stubhaug, har hatt dialog med grendelaget om saka.

– Det var ikkje pengar til å gjennomføre flyttinga. Avtalen var at viss grendelaget greidde å organisere flyttinga på eiga hand, skulle dei få musikkbingen til odel og eige, fortel han.

I dag er Stubhaug rådgjevar i Sunnfjord kommune.

Bygda fekk storstilt presang – men gåva kjem ikkje gjennom tunnelane

IKKJE HØG NOK: Konteinaren er fire meter brei, og for stor til å kome gjennom dei mange tunnelane inn til bygda.

Foto: Steinar Lote

Leitar etter entreprenør

Grendelaget har no byrja å utforske andre moglege reiseruter, sjølv om det framleis er ein teoretisk moglegheit for at bingen kan passere gjennom fjellet.

Eit av alternativa dei ser på er ein lang omveg om Eikefjord. Den har ikkje like mange tunnelar, men sjølve vegen er om mogleg enda smalare.

– Skal den fraktast på veg, må den nok uansett ha politieskorte, for den er såpass brei, seier Thingnes.

Den tredje alternative reiseruta er sjøvegen.

– Vi jobbar med å få tak i nokon som kan frakte noko så stort, seier Thingnes.

Må ha mobilkran

Og om det ikkje vrient nok å få bingen fram til Vevring skule, så er det berre byrjinga.

– Vi skal ha mobilkran for å løfte den over skulen og over på baksida, seier Thingnes.

I bygda med knappe 300 innbyggjarar er dette ein av mange idear for å skape liv og røre.

Klatrepark, hotell, båthamn står også på lista. Men først må dei finne ei løysinga for frakta av musikkbingen.

– Det er mykje rart vi får å bryne oss på, men alt går, seier Thingnes.

Ole Erik Thingnes

VIL HA LIV I BYGDA: I Vevring har dei fleire prosjekt på gang for å skape liv og røre. Musikkbingen er eitt av dei, fortel Odd Erik Thingnes i Vevring grendelag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK