Det syner ei marknadsundersøking Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjort for Fylkesmannen. Claus Gladyszak frå Bergen har bestemt seg for å flytte til eit klyngetun som er under planlegging i Svidalen i Jølster.
Realiserer gamal draum
- Det er for å realisere ein gamal draum. Eg har gått lenge med ein liten småbruksromantikar i meg. Då prosjektet i Svidalen i Jølster dukka opp, gav det høve til å realisere nettopp dei kvalitetane som eg og kunne ha fått ved å flytte til eit småbruk, seier Claus Gladyszak.
Nær kontakt med gardsdrift
Det å kunne ha med ungane på hagestell som t.d. dyrking av poteter, å ta turar i nærområdet, og ikkje minst å la ungane vekse opp i nær kontakt med ein gard i drift, er mellom argumenta som Cladyszak listar opp for å flytte til Jølster.