Hopp til innhold

Bustadbrann i Florø

Det er brann i ein tomannsbustad i Skipardalen i Florø, melder 110-Vest. Brannvesenet er på veg til staden. Det brenn i eine halvdelen av tomannsbustaden. Det er meldt om opne flammer og personar i to andre bustader er evakuerte. Personane med adresse i bustaden som står i brann er komne ut av huset.