Hopp til innhold

Bur midt i sin eigen juletreskog

Sjur Wie har drive med juletreproduksjon omtrent heile livet. Utanfor huset hans i Førde er det ingen plen, men ein juletreskog som veks seg større for kvart år.

Sjur Wie har produsert juletre i over 30 år

LANG ERFARING: Sjur Wie har vore med på juleproduksjon sidan han var liten gut, dei siste 32 åra har han drive aktivt på eiga hand.

Foto: Anna Gytri / NRK

Bonden på Vie i Førde har hatt nokre travle dagar i det siste. På tunet står juletrea sirleg på rekke, her er det noko for ein kvar smak.

Med julaftan like rundt hjørnet er det mange som er innom for å gjere unna den siste førebuinga før jul, nemleg sikre seg det finaste treet.

– Eg har mange fast kundar, så det må bety at dei er nøgde når dei kjem att, år etter år, seier han då NRK er på besøk laurdag ettermiddag.

Det finst eit tre for alle sin smak

Eit grønt glitrande juletre er for mange ein svært viktig del av jula. Nokon likar dei litt tjukke, andre smale, medan nokon skal ha ein viss avstand mellom greiene. Uansett om du vil ha det kort eller langt, så finst det eit juletre for deg.

Sjur Wie har drive aktiv med juletreproduksjon sidan 1979, og på dei over 30 åra har han fått erfare at alle slags tre kan falle i smak.

– Folk er forskjellige, og heldigvis for det, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sal av juletre på garden i Førde

PÅ TUNET: Sjur Wie reklamerer ikkje for utsalet av juletre, men det er mange som veit at han sel juletre på tunet utanfor huset sitt på Vie.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det ferskaste treet i byen

Rundt huset sitt på Vie er det juletre på alle kantar. Nokre er planta i år, medan andre er blitt 7–8 år og er klare for å bli pynta heime hos med og deg.

Ein del av trea er allereie hogge ned, medan andre står i ein stemningsfull juletreskog. Her kan folk plukke seg ut akkurat det treet dei har mest lyst på.

– Det er jo den perfekte utstillinga. Og så treng ikkje folk spør kor tid det er hogge, det er det ferskaste treet i byen, seier Wie til NRK.no.

Fann det perfekte treet

Ei av dei som er har funne seg det perfekte juletreet er Anne Kristin Kleiven.

– Vi lurte litt på å hogge sjølv, men det gav vi opp, seier ho og viser glad fram treet som oppfylte krava.

– Det er veldig viktig at det er jamt og fint og at ein kan henge pynten slik at det blir litt ordentleg, ler ho.

– No er det berre å kome seg heim og få på kulene og glitteret og alt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Kristin Kleiven har funne det perfekte juletreet

GLITTER: Anne Kristin Kleiven var heilt klar for å kome seg heim å pynte opp det fine treet ho fann seg hos bonden i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Gler seg over glade kundar

For Sjur Wie er det tradisjonsrike juletresalet ein viktig del av den totale innteninga som bonde. Han driv framleis som bonde på heiltid, og dei par hundre juletrea han sel kvar desember kjem godt med.

– Det er ein del av totalproduksjonen som gjer til at eg kan vere heiltidsbonde, seier han.

Men mest av alt er det koseleg å drive med juletre. Det har naturleg nok mykje å gjere med at kundane som kjem innom er så blide som det går an.

– Det er triveleg. Folk er i veldig godt humør, så eg synest dette er ein koseleg produksjon, seier Wie.

Skal behandlast som avskorne blomster

Og med 30 års erfaring veit han litt om korleis ein skal ta best mogleg vare på juletreet som no er på veg inn i dei tusen heimar.

– No kan ein ta det rett inn i hus. Viss det er litt lang stamme, skjær av to, tre, fire centimeter med ei sag og sett det i vatn så det får trekkje til seg litt vatn.

– Når ein så skal setje det på fot i morgon eller noko, så skal ein skjære av nesten like mykje. Ein skal behandle treet nesten som avskorne blomster, forklarar han.

Ifølgje Wie skulle folk ideelt sett ha hogge juletreet sist helg, for då var det plussgrader og temperaturskilnaden hadde ikkje blitt like stor.

Lovar at treet skal halde til neste år

Sjølv om det i dag låg rundt 0 grader på garden på Vie blir det likevel rundt 20 grader i temperaturskilnad når trea blir tekne inn.

– Det blir brutalt uansett, seier han men lovar at trea skal halde på nålene til over nyttår.

– Om det skulle byrje drysse får folk berre kome inn att og byte treet, det er ingen problem, seier bonden med eit smil.

Juletreskogen er i ferd med å tynnast ut like før jul

VEKKE: Stubbane som står att i juletreskogen er blitt mange når det no nærmar seg jul. Her har folk fått plukke akkurat det treet dei har lyst på.

Foto: Anna Gytri / NRK