Hopp til innhold

BT: Byrådet i Bergen vil legga ned sju skular

Byrådet i Bergen føreslår å legga ned fleire skular for å spara pengar. Det kjem fram i ein plan dei legg fram onsdag, skriv BT. Byrådet viser blant anna til at at det er venta færre barn i dei fleste bydelane i åra som kjem, og at det no er rundt 4500 ledige plassar på skulane. Fleire enn 1000 barn kan mista skulen sin som følgje av planen.

Dette er skulane byrådet føreslår å avvikla:

Krokeide skole
Smørås skole
Seljedalen skole
Salhus skule
Kalvatræet skole
Sælen skole
Breimyra skole

I tillegg vil nokre skular anten mista barnetrinnet eller ungdomstrinnet. Forslaget skal no ut på høyring, før det går til politisk behandling i november.

– Målet med ein skulebruksplan er vanlegvis å leggja til rette for eit godt, nært og trygt skuletilbod for byens barn og unge. Eg er sterkt uroa over at denne planen verkar å gjera det motsette, seier Linn Kristin Engø (Ap) til NRK.

– Det blir føreslått ei rekkje nedleggingar og strukturendringar som eg meiner er dårleg grunngjevne. Tilbakemeldingane frå rektorar, foreldre og andre tilsette tyder på at mange deler synet til Arbeidarpartiet, seier hun.

Kart som viser forslag til skulenedlegging
Illustrasjon: NRK