Stiftelsen bryggen ville i sin plan ha brustein på heile området, medan dei private gardeigarane ville ha eit plankedekke på området framfor dei verna bygningane.
No blir det altså begge deler.
Foto: Jo Hjelle / NRK
Tredekke og brustein
Byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen seier ho er glad for denne løysinga som ho kallar eit kompromiss.
- Alle har fått litt av viljen sin, seier ho til NRK Hordaland.
Det dei er blitt einige om er å bevare brusteinsfortauet framfor trehusa slik det er i dag. Asfaltområdet framfor skal forandrast.
- Her skal det bli ein kombinasjon av tredekke og brustein, men vesentleg i tre, seier Iversen.
Vil ikkje klage
Den nye utforminga av bryggen skal etter planen vere klar til turistane kjem i løpet av våren.
Partane skal vere einige om å ikkje klage på vedtaket.