Hopp til innhold

Klare for å redde liv i påska

Påska kan vere ei hektisk tid for 330-skvadronen. Seks personar er i beredskap døgnet rundt – klare til å rykkje ut.

Basen i Florø er ein av seks i landet. Her ventar eit topptrena mannskap på nye oppdrag. Men så langt har det vore ei roleg start på årets påskeferie.

Besetningssjef Jan Egil Bårdsgård kom på jobb i Florø onsdag og har ei veke framfor seg i kystbyen. Fram til no har det vore stille og roleg for mennene på vakt.

– Vi har ikkje hatt noko å gjere så langt. Så vi får tida til å gå med å trene og sjå på TV, seier han.

Men dei er klare til å hive seg rundt dersom det kjem melding om at nokon er i naud. Dei er to pilotar, ein redningsmann, ein navigatør, ein maskinist og ein lege som set seg i helikopteret når alarmen går. I tillegg er det to teknikarar som er på vakt på basen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Egil Bårdsgård, Ingve Horgen, Svein Inge Bang, Jacob Westbye, Arve Svarstad og Ketil Moe

I BEREDSKAP: Pilot Jan Egil bårdsgård, redningsmann Ingve Horgen, systemoperatør Svein Inge Bang, lege Hans Jacob Westbye, maskinist Arve Svarstad og pilot Ketil Moe er på vakt døgnet rundt i påska.

Foto: Christian Nordby

Utfordrande område

Bårdskår har aldri før vore i Florø i påska, men har vore her fleire andre gonger. Dei fleste som jobbar i 330-skvadronen reiser rundt til dei forskjellige basane. Han seier at området til skvadronen i Sogn og Fjordane er utfordrande.

– Vi flyg mellom dei høgste fjella i Norge, i Jotunheimen, Gudbrandsdalen og mot Hardangerfjorden. Det er krevjande å flyge her, spesielt i dårleg ver.

Han har lang erfaring og er budd på det meste. Men han seier det likevel kan vere tøffe opplevingar.

– Noko av det verste er dersom vêret er så dårleg at vi ikkje kan rykkje ut. Det kan opplevast som veldig tøft.

Ein av dei mest krevjande jobbane har redningsmannen om bord. Han heng gjerne 70 meter under helikopteret når folk skal heisast om bord.

– Reint mentalt er dette ei stor utfordring. Han skal kanskje hente opp hardt skadde personar eller folk i sjokk.

– Ikkje gjer noko dumt

Dersom det er stygt ver i fjellet er det ofte mindre å gjere fordi folk held seg heime. Er påska sein, er det ofte meir å gjere langs kysten når folk tek turen til sjøs.

Rådet til Bårdsgård er å halde seg edru og ikkje gjere noko dumt når ein er på tur.

– Det hjelper også veldig dersom folk har synlege fargar, gjerne noko som er litt sterke og som viser godt igjen i terrenget. Det er også lurt å bevege seg dersom det er mogleg, for då blir dei lettare å sjå frå lufta.

Men dersom heile påska blir roleg for 330-skvadronen, blir det mykje stillesitjande aktivitetar og god mat.

– Då reiser vi nok heim tre kilo tyngre enn då vi kom, ler han.