Hopp til innhold

Dette kan du finne på i påska

Har du mykje tid til overs i påska som du ikkje veit kva du skal gjere med? Her er NRK sine tips om kva arrangement du kan delta på i påska.

Vårskitur, kino eller konsert i påska

PÅSKEAKTIVITETAR: Vårskitur, kino eller konsert er nokre av NRK sine påsketips.

Foto: Kjell Arvid Stølen, Colorbox og pressefoto

Skisentera i fylket melder om kanonforhold så langt i påskeferien. For dei som ynskjer å leggje turen utanom dei preparerte løypene arrangerer Sogn og Fjordane turlag fleire turar i løpet av påska.

Tur til Grovabreen

Skjærtorsdag arrangerarar Indre Sunnfjord Turlag den tradisjonsrike turen frå Dvergsdalsdalen i Jølster til Grovabreen. Med ski på beina går kursen oppover mot Stølsnova før retninga går sørover mot Salseggja og brekanten. Turlaget kan fortelje at dei i fleire år har opplevd å møte på ein stor reinsflokk i dette området, og kanskje vil dette skje i år også.

Påskeskiturane til IST vert avslutta med tur til Venevasseggja 2. påskedag.

På kveldstid kan for mange det freiste å ta ein tur på byen og få testa dansefoten, og NRK har ei oversikt over nokre av dei største arrangementa denne påska.

Plateslepp med Drusar

Dei unge karane i rockebandet Drusar er onsdag kveld 21.00 klare for plateslepp på Treskeværket på Sunnfjord Hotell. Bandet består av Jan Tore Befring, Øyvind Heggheim, Håvard Erle og Jakob Hjelmeland, og ungkarane lovar gratis CD til alle denne kvelden.

Bandet sjølv lokkar med ein aggressiv, dampande, brautande og brølande konsert denne kvelden.

Helge Nilsen og vener

Onsdag kveld kl. 21.30 spelar Helge Nilsen og vener opp til konsert og stor påskedans på Skei hotell.

Nilsen har med seg vokalistane Linda Ekeland og Anette Genius. I tillegg har han med seg Tor Endresen og popkoret ”Dixie”. Publikum vert lova ein fantastisk og heilt spesiell påskekonsert med kjende og kjære poplåtar denne onsdagskvelden.

Kruttrøyk på Sande og Sandane

Skjærtorsdag er det igjen tid for det tradisjonsrike påsketreffet på Sande. Country/rock- bandet Kruttrøyk syter for musikk og topp stemning.

Kruttrøyk med musikarar frå Førde og Sandane vert rekna som eit av Noregs beste Countryrock band. I 2009 kom dei ut med si tredje cd ”Farande Fant”, som har fått heiderleg omtale i musikkpressa.

Påskeaftan kan du også møte Kruttrøyk på Sandane då Gloppen Musikkforum gjentek suksessen frå i fjor med påskequiz og påfølgjande dans frå kl. 21.00.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bandet Kruttrøyk

PÅSKETREFF: Kryttrøyk sørgjer for topp stemning på Sande skjærtorsdag, og Sandane påskeaftan.

Foto: promo

Påskedans med Gilbeys

Skjærtorsdag er populære Gilbeys på plass på Lavik Fjordhotell og vil spele opp til ein hyggjeleg dansekveld frå 22.00.

Hotellet anbefaler alle som likar kjempegod dansemusikk å ta turen og tilbringe denne kvelden med bandet som snart feirar sitt. 30. årsjubileum.

Aventyr rockar Tresken

Same kveld vil det hardtslåande livebandet Aventyr spele på Tresken frå kl. 21.00.

I 2011 gav Aventyr ut albumet ”Trouble” miksa av stjerneprodusenten Beau Hill (USA) på det engelske plateselskapet Casket Music. Albumet fekk strålande kritikkar både i inn og utland.

Påskefest med Bård og Vegard Leite

Langfredag kan du treffe Bård og Vegard Leite på Påskefesten på Quality Førde Hotell frå 21.00.

Vegard Leite er kjend frå 2. plass i Idol 2011, og onkel Bård, konkurrerer no om å vinne talentkonkurransen ”The Voice” på TV2. Denne kvelden står dei i lag på scena.

(Artikkelen held fram under biletet)

Påskefest 2012

LEITE: Du har sett dei på kvar sitt talentprogram på TV2, no kan du høyre dei live i Førde i påska.

Påskejam på Tresken

Første påskedag held festen fram då det er duka for den tradisjonelle ”Jam-session” på Treskeværket. Lokale-, tilreisande-, amatørar og profesjonelle musikarar samlast i kjellaren på hotellet og spelar saman.

Påskejammen blir sparka i gang av AVENTYR, som også spelar på Tresken skjærtorsdag.

Dette går på kino

For dei som ikkje ynskjer seg ut på byen er det mange kinoar å velje mellom rundt om i fylket i løp av påskeveka. Komedien American Pie Reunion, eventyrfilmen Piratene 3D og krimthrilleren Varg Veum – Kalde hjerter er mellom desse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kinosal

KINO: Å ta turen i kinosalen kan vere eit alternativ til den tradisjonsrike påskekrimmen.

Foto: Arash A. Nejad / SCANPIX

Kvalifiseringsrunde NM

For dei som er interesserte i fotball kan ein ta turen til dei lokale stadionane i påska for å få med seg kvalifiseringsrunden til NM i fotball.

Sogn og Fjordane stiller med 10 lag til 1. Kvalifiseringsrunde for NM Menn 2012. Sogndal er direkte kvalifisert til 1. Ordinære runde I NM.

Kampane skal spelast måndag 09. April kl. 16.00. Oppsettet finn du her.

Har du eit større arrangement du meiner folk bør vite om? Send oss ein e-post på sf@nrk.no