Hopp til innhold

Bruene tek ikkje høgde for styrtregnet som kjem

STRYN (NRK): Då brua i Utvik tetta seg ved storflaumen i 2017, tok vatnet andre vegar og øydela hus. Små bruer over heile landet vil ikkje handtere framtidas nedbørsmengder.

Bru på fv 60 i Utvik

FYLKESBRU: Det er denne brua på fylkesveg 60 fleire meiner var eit kritisk punkt ved flaumen i 2017. Ved nye, store nedbørsmengder vil brua tette seg på ny, meiner ordførar Per Kjøllesdal.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

På fylkesvegar landet rundt kan gamle bruer skape farlege proppar fordi dei ikkje toler mengdene styrtregn som klimaframskrivingane viser.

For tre år sidan fossa vatnet gjennom Utvik i Stryn.

Midt i kaoset tetta den øvste brua i bygda seg då stein, busk og greiner kom styrtande nedover.

Elva tok då eit anna løp.

Flaum i Utvik - Tanja Hage

EI HERJA BYGD: Storflaumen i 2017 førte til store skadar i bygda Utvik.

Foto: ODDMUND REISÆTER HAUGEN / NRK

Bygda blei rasert under storflaumen som utvikla seg denne julidagen. Vegar og bruer var vekke, bygningar skylt på fjorden.

Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) bur sjølv i Utvik og meiner brua var eit kritisk punkt då flaumen råka.

– Faren for at brua går tett ein gong til, er overhengande, seier han.

Per Kjøllesdal, ordførar Stryn (Sp)

KRITISK: Stryn-ordførar Per Kjøllesdal (Sp) meiner det er svært viktig å få på plass ein ny bru øvst i bygda.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Små endringar vil slå ut

Ei oversikt NRK har laga viser at det truleg vil bli fleire og kraftigare styrtregnepisodar i tiåra som kjem.

Sjekk klimaet der du borSøk etter din kommune

Sjølv små endringar kan vere katastrofale, meiner Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking.

– Sjølv om nedbøren berre aukar med eit par prosent, er infrastrukturen dimensjonert for ein annan maksverdi, seier han.

NRK har vore i kontakt med ni fylkeskommunar som er ansvarlege for fleire tusen bruer på fylkesvegane. Det har ikkje lukkast NRK å få ei oversikt frå Statens vegvesen over riksvegbruene.

Kan ikkje sikre alle bruer

Vestland fylkeskommune har aleine ansvar for 1900 bruer. 59 av dei er klassifiserte som sårbare for flaum.

– For alle nye bruer vert det fokusert på at brua ikkje skal vera eit hinder for vatnet i elvane. Slik er det ikkje for dei «gamle» bruene, opplyser Jorunn Hillestad Sekse i Vestland fylkeskommune.

– Dei ligg alt der, og er eit hinder, og vi som jobbar med bruer kan ikkje gjera så mykje anna enn å sørga for at den brua som alt ligg der vert til minst mogeleg hinder for vatnet i elveløpet.

Trøndelag fylkeskommune meiner nærare 650 bruer i deira fylke i tilknyting til vatn, elv eller sjø kan vere sårbare for auka flaummengde.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at 30–40 prosent av alle bruene deira er sårbare ved auka nedbørsmengder på lang sikt.

Men med eit tipdsperspektiv på 80 år vil mange av dei brukonstruksjonane som er på fylkesvegane i dag allereie vere bytta ut på grunn av alder, blir det påpeika.

Fleire skadar på bruer

I Innlandet fylke er mange av bruene sårbare for styrtregn, og då spesielt små bruer og røyr.

Vi opplever ein auka av talet skadar på bruer, men det verste ligg sannsynlegvis framfor oss, seier Einar Søberg, rådgjevar for samferdsle i Innlandet fylkeskommune.

Gunnar Magnus Haugen leier bruberedskapen i Statens vegvesen, som har ansvar for riksvegar og europavegar. Han fortel at dei har kring fire til åtte flaumhendingar årleg. Frå 2017 har talet hendingar auka litt, men har halde seg forholdsvis stabilt.

Nevernes bru på fv7374 i Nordland

BRU TEKE AV FLAUMEN: Nevernes bru på fylkesveg 7374 i Nordland blei teke av flaum. Her er bilete av den nye brua, den gamle brua kan ein sjå ligg nedstraums i elva (til høgre i biletet).

Foto: Meløy Adventure

– Vi merkar at det no oftare er kraftig lokalt styrtregn som skapar flaum, som det er vanskeleg å seie kvar vil komme. Dette kan skje i både store og små vassdrag over heile landet.

Meiner løysinga er å køyre mindre

Forskar Torbjørn Selseng meiner det er ei umogleg å oppgåve å tilpasse alle bruer og all infrastruktur til å ta høgde for nedbørsmengdene i framtida.

Ei anna løysinga er at vi køyrer mindre, meiner han.

– Det er usannsynleg dyrt å klimatilpasse all infrastrukturen, og det er usannsynleg billig å gjere noko med mobiliteten.

Men Stryn-ordføraren meiner det må vere mogleg å byggje bruer som tek unna vassmengdene.

– Eg trur ikkje vi skal ta den defensive varianten. Hadde ein vore defensive, hadde det ikkje vore folk på Vestlandet.

– Brua ikkje kritisk punkt aleine

Vestland fylkeskommune påpeiker at det er gjort arbeid ved den øvste brua i Utvik både før og etter flaumen, og at tilstanden til brua er betre enn den var i 2017.

Jorunn Hillestad Sekse i fylkeskommunen meiner brua aleine ikkje er eit kritisk punkt.

– Elva og vegen med begge bruene må leggast om dersom forholda rundt brua ikkje skal bli kritisk ved ein stor flaum.

Å byggje ny bru vil krevje ei fullstendig omlegging av vegen, viser Sekse til.

Toler ikkje 200-årsflaum

Dei seinare åra har det kome strengare krav til klimatilpassing ved prosjektering av nye bruer. Mellom anna skal dei nye bruene byggjast for å tole vassmengder tilsvarande ein 200-årsflaum.

Vegvesenet har utført forbetringsarbeid ved den øvste brua i Utvik, men etter NVE sine utrekningar vil ikkje dette vere nok til å takle ein 200-årsflaum.

Ordføraren i Stryn meiner det hastar å få på plass ei ny bru.

– Det er ikkje eit spørsmål om, men når dette skjer igjen, seier Per Kjøllesdal.

Flaum i Nordfjord

BILETA FRÅ FLAUMEN: Bygda Utvik blei hardt råka av flaum 24. juli 2017.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK