Hopp til innhold

Bru over Sognefjorden til 7 mrd.

Ei bru over Sognefjorden vil koste mellom fem og sju milliardar kroner, fortel regionvegsjef Olav Ellevset.

Ferjene mellom Lavik og Oppedal

SLUTT PÅ FERJE? Her kan det bli ei bru til nær 7 milliardar i staden for ferjekryssing over Sognefjorden.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vegvesenet er i full gang med arbeidet med å kartlegge korleis det er mogleg å reise utan ferje langs E39.

I dag er det åtte ferjesamband på europavegen mellom Kristiansand og Trondheim, og målsetjinga er at alle desse skal vekk.

Ulike brutypar vert vurdert

Mellom fjordane som då skal kryssast utan ferje er Sognefjorden. Ei bru over den djupaste fjorden i Norge kan koste mellom fem og sju milliardar.

Dette er eit prisoverslag der brua er tenkt å gå over Sognefjorden der E39 i dag går i ferje mellom Lavik og Oppedal.

Ellevset fortel at vegvesenet no vurderer ulike tekniske løysingar for kva bru ein eventuelt skal gå for.

- Både hengebru, flytebryggeløysingar og ei røyrbru kan vere aktuelt. Det siste er tenkt som ein tunnel som ligg i vatnet, fortel Ellevset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferjefri Sognefjord

KAMP: Langs kysten i Sogn og Fjordane kjempar folk for å få ferjefri E39 via Solund.

Foto: Grafikk / NRK

- Ikkje nødvendigvis lønsamt

Men ikkje alle er sikre på at ei bru til nær sju milliardar over Sognefjorden vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt.

- Generelt er det store kostnadar involvert i ferjeavløysingsprosjekt. Det er difor behov for å gå veldig nøye gjennom grunnlaget for dette, før ein kan trekkje konklusjonar, seier Svein Bråthen, professor i transportøkonomi ved Høgskulen i Molde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Vil ha fjordkryssing via Solund

- Ei bru vil ha positive verknader

Det er til sjuande og sist opp til stortingspolitikarane om dei vil bruke fleire milliardar kroner på ei bru over Sognefjorden.

Ellevset på si side meiner prosjektet vil gje store positive ringverknadar.

- Eg for min del trur det har eit stort potensiale.

- Er det samfunnsøkonomisk lønsamt?

- Dette må underbyggjast med fakta og legitime analyser for kva verknader ei bru kan ha, seier Ellevset.