Det var ei alvorstynga forsamling som møtte til Kystvegkonferansen i Florø i dag. Dei veit at det no bryggar til kamp.
For kampen står no om kor kystvegen i framtida kan bli ferjefri kryssing av Sognefjorden. Folk vil ha den ferjefrie vegen via Solund.
Jobbar for Solund
Ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) i Flora meiner kommunane må vere frampå å jobbe for alternativet.
– Vi har kanskje vore litt forsiktige opp gjennom tidene. Men no jobbar vi for fullt for å få på plass ein kystveg som heile landet kan dra nytte av, seier Frøyen Steindal.
(Artikkelen held fram under kartet)
E39 er den viktigaste nord-sør vegen mellom Ålesund og Stavanger. I dag vert Sognefjorden kryssa med ferje på Lavik-Oppedal. Men når vegvesenet no utreder fjordkryssing utan ferje, vil kystvegforkjemparane ha den lengre vest, via Solund.
Planane for fjordkryssing i Solund er 20 år gamle, men framleis realistiske, ifølgje Magne Strand, tidlegare plan og utbyggingssjef i Statens vegvesen.
(Artikkelen held fram under tv-innslaget)
– Hadde betydd mykje
Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad seier at E39 via Solund hadde betydd mykje.
– Det hadde betydd enormt mykje. For det hadde blitt fleire kommunar som hadde blitt knytt saman; både Hyllestad, Solund og Gulen. Det hadde opna opp for heilt nye moglegheiter for heile regionen vår, seier Åmdal Mongstad.