Hopp til innhold

Bru kollapsa under støyping på Bremangersambandet

Ei åtte meter lang bru kollapsa fredag ettermiddag under bygging på Bremangersambandet II i Leirgulen i Bremanger.

Bru Bremangersambandet II

KOLLAPSA: Brua datt i hop rett før ein var ferdig med støypearbeidet.

Foto: Statens vegvesen

– Det er ei bru som er under bygging som kollapsa under støyping, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Jørn Kristian Engebø.

Han har ikkje sjølv vore på staden for å sjå, og vil difor ikkje tru noko om kva som er grunnen til kollapsen.

– Det er umogleg å seie før eg har vore og sett. Men eitt eller anna har nok svikta under støyping, seier Engebø.

Ingen vart skadde

Det var Fjordenes Tidende på nett som først melde om uhellet.

Det var folk til stades då uhellet skjedde, men ingen kom til skade då brua rasa i hop.

Brua er åtte meter lang og 13 meter brei.

– Uhellet skjedde under støyping av brudekke, og dei hadde att to betongdeler å støype då uhellet hende. Så dei var i praksis nesten ferdige med støypen, seier Engebø.

Kjenner ikkje årsaka

– Er det ikkje uvanleg at noko slikt skjer når ein er komen så langt i arbeidet?

– Jau, det er uvanleg at bruer dett ned under støyping, seier Engebø.

Han er usikker på om Arbeidstilsynet vert kopla inn, sidan det ikkje er snakk om personskade.

– Var det noko sinne fare for at nokon av dei som jobba der kunne komme til skade?

– Det er det vanskeleg å seie, seier Engebø.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Siste salva i Bortne-tunnelen

Siste salva i Bortnetunnelen

Betyr neppe noko for ferdigstillinga

Han meiner brukollapsen ikkje kjem til å bety noko utsetjing for Bremangersambandet.

– Eg vil påstå at dette ikkje set oss tilbake noko i det heile. Dette går ikkje ut over sluttfristen, trur Engebø.

Bremangersambandet II er ei vidareføring av Bremangersambandet I, som knytte Bremangerlandet til fastlandet.

Sjølv om Bremangerlandet vart knytt til fastlandet, har ein på grunn av den dårlege og lange vegen til kommunesenteret Svelgen og til resten av hovudvegnettet, likevel hatt ferjedrift mellom Kjelkenes og Smørhamn.

Bremangersambandet II kortar ned vegen frå Bremangerlandet til Svelgen med 40 kilometer, og fører til at ein kan leggje ned ferja mellom Kjelkenes og Smørhamn.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.