Hopp til innhold

Ventar med å gje pengar frå Bremangersambandet

Samferdsleutvalet har endå ikkje bestemt seg for kor dei vil bruke overskotsmidlane frå Bremangersambandet til.

Før Samferdsleutvalet bestemmer seg, vil dei vite kva den endelege prislappen på Dalsfjordsambandet blir.

Under møtet i går, onsdag, kom det fleire innspel frå dei politiske partia på kva pengane skal brukast til, det fortel leiar i samferdsleutvalet Arnstein Menes.

– Det alle er samde om er at vi skal avvente bruke av desse pengane inntil vi veit kostnadane på Dalsfjordsambandet, seier leiar Arnstein Menes i samferdsleutvalet.

Utbygginga av Bremangersambandet vert 136 millionar kroner billegare enn først rekna, og næringslivet i regionen vil at noko av pengane skal brukast på strekninga Leirgulen - Bortnen, ein veg som også ligg i Bremanger.