Hopp til innhold

Brøytekonflikt kan hamne i retten

Konflikta mellom Statens vegvesen og vegentreprenørane E. Opedal & Sønner og Mesta kan ende i retten.

Brøyting

FÅR TREKK: Entreprenørar får 800.000 kroner i trekk frå Statens vegvesen. Ei rekkje trafikkantar har i vinter klaga på vegvedlikehaldet.

Foto: Bjarne Eldevik

Statens vegvesen har varsla trekk i betalinga til entreprenørane for dårleg vedlikehald, men verken E. Opedal & Sønner eller Mesta vil godta trekket.

– Dersom entreprenørane ikkje kjem med forslag om korleis dei kan gjere dette betre, vert det rettssak, seier Øyvind Haaland i Statens vegvesen til NRK.no.

Får 800.000 kroner i trekk

Statens vegvesen meiner vegar i Nordfjord, Sunnfjord og Midtre Sogn ikkje vart godt nok vedlikehaldt i vinter. Difor har dei varsla trekk i betalinga både til Mesta og firmaet E. Opedal & Sønner.

E. Opedal & Sønner får trekk på 400.000 kroner på Nordfjordkontrakta, og 300.000 kroner på Sunnfjordkontrakta. Mesta får trekt 100.000 kroner for jobben i Midtre Sogn. Men ingen av entreprenørane vil godta dette.

– Statens vegvesen og entreprenørane har eit ulikt syn på korleis kontraktane skal tolkast. E. Opedal & Sønner meiner dei har oppfylt det vi har bestilt, men vi meiner dei ikkje har gjort det på alle punkt, seier Haaland.

Entrepenørane har femårskontraker som har ein verdi på mellom 100 og 170 millionar kroner.

Vil ikkje kommentere saka

Mange har i over vore frustrerte over vintervegane, og Statens vegvesen vil unngå ein ny vinter med klagestorm frå trafikantane.

Vegvesenet gir no entreprenørane sjansen til å kome med forslag til korleis dei kan gjere dette betre. Viss ikkje ender saka i retten:

– Visst dei framleis er djupt usamde med oss, så finst det ingen ankeinstans, og då må dei eventuelt gå til søksmål mot Statens vegvesen, seier Haaland.

Ingen av entreprenørane vil kommentere saka til NRK.