Hopp til innhold

- Vedlikehaldet har vore for dårleg

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa støttar opp om kritikken mot vintervedlikehaldet på vegnettet.

Magnhild Meltveit Kleppa

KRITIKK: Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa ventar at Statens vegvesen handlar etter kraftig kritikk på vegstandarden i vinter.

Foto: Toyni Tobekk

Kritikken på brøytinga kjem i eit svarbrev til stortingsrepresentant Åge Starheim, skriv Firda.

Frp-politikaren ville vite om statsråden vil følgje opp kontraktane som blir gjevne på vedlikehaldet.

- Når klagene er så omfattande og når Statens Vegvesen også seier at vintervedlikehaldet bør bli betre, så kan eg seie at det ikkje har vore godt nok. Vi ventar at vintervedlikehaldet blir betre, seier Kleppa til NRK.

Entreprenøren sitt ansvar

Bilistar i fleng har klaga på vedlikehaldet. Vegane har vore isete og fleire bilistar har fått skadar på bilane sine i store slagholer.

Kleppa seier det er entreprenørane sitt ansvar at vegane er godt nok brøytte, og at Statens vegvesen no skal halde møte med kvar einskild entreprenør for full gjennomgang av situasjonen.

- Entreprenøren skal vite kva som blir forventa, og Statens vegvesen skal vite kva dei kan krevje og kvar dei kan sette inn kontroll og oppfølging. Det skal dei gjere oftare enn før, seier Kleppa.

- Trafikkfarleg

I svaret poengterar ho at det er brukt for lett utstyr til å fjerne snø og issole frå vegane, og at dei måtte pressast til å leige inn motorhøvlar.

I spørsmålet skildra Starheim tilstanden på vedlikehaldet som til tider direkte trafikkfarleg.

- Det som er poenget er at entreprenørane skal stille med utstyr som er tilpassa dei forhold som er, seier ho og ventar at Statens vegvesen følgjer opp kontrollaktiviteten med dei midlar dei har tilgjengeleg.